Laksen i det politiske minefeltet

«Politisk risiko er skumle greier», sa Lars H. Sendstad til NHH Bulletin då han disputerte for doktorgraden ved Institutt for foretaksøkonomi ved NHH 25. september 2018. Stipendiaten hadde forska på politisk risiko og korleis det påverkar avgjerder i bedriftene. Sendstad slo vidare fast at; «Det er viktig for politikere å binde seg til masten, for å få mer investeringer».

Det siste halvåret har vi til fulle sett at politisk risiko òg har blitt ei utfordring for bedrifter her i landet, og mest av alle har det gått utover havbruksnæringa vår.

Det begynte i haust med regjeringa sitt forslag til grunnrenteskatt for havbruksnæringa. Forslaget framlegginga har dokumentert at forslaget ikkje vil vere skattemessig nøytralt, at det har skapt ei rekke uavklarte og uheldige forhold, at det har klare negative sider, og at det representerer eit skattepress som ikkje harmonerer med politiske uttalte mål om næringa.

Reaksjonane på forslaget har vore så klare og tydelege at regjeringa har måtte tatt eit steg tilbake. Men ingen veit kva regjeringa til slutt vil lande på – sjølv om den nye lakseskatten alt har begynt å gjelde.

Den siste veka har regjeringa nesten drive dette ut i parodien. I forrige veke opplyste fleire Sp-kjelder at det er skattebeløpet på 3-4 milliardar som er det viktige, noko fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran stadfesta i NRK og IntraFish, og dermed oppfatta havbruksnæringa, finansnæringa og alle andre at prosenten på lakseskatten då kunne ligge rundt 15 prosent. I dag har finansminster Trygve Slagvold Vedum sagt at dette er feil, og at det er metoden som er det viktige. Dermed er vi tilbake til ein skatteprosenten på 40 prosent.

Les også: Tungt kursfall etter nye skattesignaler fra Vedum

Men det stoppar ikkje der.

Det politiske minefeltet regjeringa har lagt ut for havbruksnæringa inneheld meir enn lakseskatten. Som resten av næringslivet må havbruksnæringa òg finne seg i ei auka arbeidsgivaravgift, noko det offentlege slepp.

I desember innførte så Nærings- og fiskeridepartementet eit midlertidig stopp i høvet til å søke om løyve til akvakultur på land. Stansen skal gjelde til eit nytt regelverk for akvakultur på land er på plass, og omfattar visstnok  både stamfisk, settefisk og matfisk av laks, ørret og regnbueørret. Stansen skal gjelde i minimum seks månader, men ingen veit i dag kor lang tid det vil gå. Stoppen er i og for seg sakleg grunngitt, men det er ikkje til å kome i frå at utvikling og investeringar i ein viktig del av oppdrettnæringa nå bli sett på vent – og at ingen veit kor tid ting kan bli sett i gang igjen.

Det siste bidraget til den politisk risikoen for havbruksnæringa kom i førre veke. Då kom det fram at Nærings- og fiskeridepartementet på vegner av havbruksutvalet vil innhente ei juridisk vurdering av om det er rettsleg mogeleg å omgjere eksisterande tidsuavgrensa oppdrettløyver til å vere tidsavgrensa. Trass i at mandatet til havbruksutvalet har blitt oppfatta til å berre skulle omfatte vurderingar knytt til tildeling av framtidige konsesjonar, og trass i at Hurdalplattforma i følgje fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran stenger for slik omgjering av eksisterande oppdrettskonsesjonar, bestiller departementet likevel ei juridisk utgreiing der dette er temaet.

Havbruksselskap langs heile kysten spør seg derfor nå om dette kan vere første steg i regjeringa sitt arbeid med å bestemme at dei konsesjonane som bedriftene allereie har, skal gå ut på dato. For kvifor skal ein elles bruke tid og ressursar på å dette spørsmålet?

Står ein i eit minefelt er det beste å stå i ro, og det er nettopp det regjeringa nå tvingar delar av havbruksnæringa til å gjere. Lakseskatt-forslaget førte som kjent til utsetting og avlysing av investeringar for titals milliarder kroner, varsel om permitteringar og oppseiingar. At regjeringa ikkje tok lærdom av dette, men tvert om har funne det for godt å auke den politiske risikoen for ei av dei viktigaste (distrikts-)næringane vi har, er vanskeleg å forstå.