Mattilsynet skriv årleg ut 90.000 helsesertifikat for eksport av norsk sjømat. Dei har ikkje kapasitet til å kontrollere at all laksen som sendast ut oppfyller krava.
– Kina er særs oppteken av mattryggleik, ikkje minst når det gjeld import. Blir dei usikre på situasjonen rundt dei norske helsesertifikata som følgjer laksen, kan det få eit alvorleg etterspel, seier Kina-ekspert og seniorforskar Hans Jørgen Gåsemyr (Norsk utanrikspolitisk institutt/NUPI) til NRK.
Han bekymrar seg over kva som skjer dersom Kina opplev sjukdom frå norsk laks.
Tillitsbasert
Alle parti med norsk laks som blir eksportert har eit helsesertifikat, som skal garantera for at fisken er trygg og sjukdomsfri. Det er Mattilsynet som skriv ut og godkjenner sertifikata.
Mattilsynet skriv ut 90.000 slike sertifikater i året. Dei medgir sjølv, overfor NRK, at dei ikkje har nok kapasitet til å kontrollere om all laksen som eksporteres til Kina er «frisk». Å opne alle kassane med fisk og sjekke er ei uoverkommeleg oppgåve.
– Mattilsynet har ikkje ressursar til å kontrollere det som skal sendast ut av landet med eit helsesertifikat. Vi må ha tillit til at verksemdene følgjer reglane, seier avdelingsdirektør for regelverk og kontroll i Mattilsynet, Inge Næsset.
– Det er verksemdene som har ansvaret for å følgje reglane. Når dei gjer det, blir maten trygg.
Nulltoleranse for Listeria
Kina har mellom anna nulltoleranse for Listeria. Ifølgje NRK skal kinesiske styresmakter ha kontakta Mattilsynet om listeriautfordringane som har vore i det siste. Næsset påpeker at fersk fisk ofte blir nytta til mat utan varmehandsaming i Kina, og at det difor er viktig at norske produsentar tar omsyn til dette i sine interne kontrollar.
Forskar Gåsemyr er bekymra for kva som skjer om kinesarane opplever at nokon vert alvorleg sjuke eller døyr som følge av at dei har ete norsk laks.
– Da kan det bli full stopp, seier han til NRK.
Kina størst
I fjor overtok Kina som det største markedet i Asia for norsk laks, etter at Japan lenge har vært den største kunden.
Utdelingen av Nobels fredspris til den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo i 2010 førte til et iskaldt forhold mellom Norge og Kina. Isen sprakk i 2018. Etter noen år, og en pandemi, ble det i 2023 rekordimport av norsk laks til Kina: Ifølge tall fra Norges Sjømatråd ble det eksportert 41.747 tonn laks til en verdi av 5,18 milliarder kroner til Kina i fjor.