Hofseth møter motstand for oppdrett i gruve ved Storfjorden: – Større enn utsleppet frå Stor-Oslo

Nyheter
0

Det store landbaserte oppdrettsanlegget for laks som er planlagt i Raudbergvika i Storfjorden i Møre og Romsdal vil sannsynlegvis gje det største enkeltståande avløpsutsleppet i Noreg. Statsforvaltaren er uroa.

– Både livet i Storfjorden og nasjonale og internasjonale naturverdiar knytt til dette området vert trua, dersom oppdrettsanlegget blir ein realitet, seier Linda Aaram. Ho er direktør for miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Det er først og fremst forureining av slam og avfall frå anlegget som skaper uroa hos Statsforvaltaren. I sitt høyringssvar til kommunen, samanliknar Statsforvaltaren utsleppet frå anlegget med utsleppet av kloakk frå Oslo by.

Les også: Roger Hofseth har kjøpt en nedlagt olivingruve hvor han vil produsere 100.000 tonn laks årlig

Store mengder
– Det reinsa utsleppet frå det planlagde anlegget i Raudbergvika er mykje større enn utsleppet frå Stor-Oslo både når det gjeld nitrogen og fosfor. Det er snakk om mengder som det er vanskeleg å sjå føre seg. Dette skal renne ut langt inne i Storfjorden rett ved grensa til Verdsarvområdet og Geiranger-Herdalen landskapsvernområde, seier Aaram.

I sitt høyringssvar til kommunen, problematiserer Statsforvaltaren korleis miljøet i fjorden vil reagere på utsleppet. Reaksjonen er avhengig av storleiken på utsleppet, lokale straumtilhøve, oksygentilhøve og det lokale økosystemet.

Høyringssvaret er omtalt av Sunnmørsposten, NRK og Nett.no.

– Rester av fôr og avføring kan, under dei rette tilhøva, bygge seg opp på havbotn og føre til oppblomstring av algar, bakteriar eller sopp. Dette vil igjen påverke sjødyra som beiter på desse. Auka næringstilførsel kan føre til at populasjonar av algar og sjødyr aukar utover det som er normalt i fjorden. Ettersom desse nyttar oksygen for å bryte ned næringsstoff kan denne situasjonen i verste fall føre til oksygenmangel som gjer at sjølv dei mest tolerante artane forsvinn. Slike endringar kan igjen føre til endringar oppover i næringskjedene i økosystemet rundt anlegga, seier Aaram.

Oversiktsbilde fra området. FOTO: Fra Artec Aquas dokument

Nest størst i verda
Statsforvaltaren vektlegg også at det ikkje finns erfarings- og kunnskapsgrunnlag til å vurdere konsekvensane av eit anlegg i dette omfanget. Anlegget er etter kva Statsforvaltaren kjenner til planlagt til å vere verdas nest største landbaserte anlegg for lakseoppdrett.

– Vi ber om at planarbeidet gjer greie for den samla belastninga oppdrettsanlegget vil ha på Storfjordsystemet. Dette bør også inkludere utslepp frå det planlagde reinseanlegget ved Kvasneset i Sula kommune, samt eksisterande kloakkreinseanlegg og industri, seier Aaram.

Statsforvaltaren ber kommunen vurdere alternative areal for anlegget. Areal som ikkje vil vere i konflikt med nasjonale og internasjonale verdiar.

– Statsforvaltaren har varsla kommunen om at vi vil vurdere motsegn av omsyn til nasjonale interesser knytt til verdsarvområde og Geiranger-Herdalen landskapsvernområde dersom planane ikkje vert endra dramatisk ut frå slik dei føreligg i dag, seier Linda Aaram.

iLaks har prøvd å få kommentar til høyringssvaret frå seriegründer Roger Hofseth.