God personleg kjemi resulterte i storsatsing 

Nyheter
0

Dagleg leiar Sondre Eide i Eide Fjordbruk seier god personkjemi er avgjerande for kompaniskapet med entreprenørverksemda Kvernevik i Nordfjord.  

– Fatter’n sa alltid at livet er for kort til å samarbeide med drittsekkar, svarar dagleg leiar Sondre Eide (31) i Eide Fjordbruk på spørsmålet om kvifor verskemda med base i Hålandsdalen har involvert seg i eit spenstig prosjekt i Nordfjord.

Den gode personkjemien mellom han og hovudeigar Oskar Kvernevik og styreleiar Lars Endre Myklebust i Kvernevik Gruppa, vert trekt fram som ein avgjerande grunn til at samarbeidet vart noko av. 

Slik skal det bli: Illustrasjon for korleis sivilarkitekt Vicente Ferrando i Stadsutviklaren ser for seg SjømatStaden. Stadsutviklaren er eit selskap i Kvernevik Gruppa. Bygget med prosjektnamnet Bølgja skal etter planen huse både kontor og forskning. Ill.: STADSUTVIKLAREN

Tysdag lanserte partane storsatsinga SjømatStaden på Bryggja der Kvernevik har hovudkontoret sitt. Tomta er eit næringsområde der det tidlegare vart skipa ut olivin frå Lefdal Gruve. No er det som kjent datasenter i gruva, og går det som planlagt blir det snart landbasert oppdrett i kombinasjon med lukka oppdrett i fjorden på tomta på Kalneset. 

Stor lansering
Det er seks og ein halv times biltur mellom Bryggja midt i Stad kommune og Hålandsdalen der Eide Fjordbruk held til, og såleis ikkje eit direkte logisk samband mellom dei to aktørane som no har funne saman. 

Stor lansering: SjømatStaden vart lansert med stil. Det var kvite dukar på bordet og servering av sjømat. Sondre Eide hadde med seg tidlegare olje og energiminister Terje Søviknes som no driv konsulentverksemd og er engasjert av Eide Fjordbruk. Ingvill Flo i PwC var konfransier.

– Då vi tok over tomta, sette vi ned ei prosjektgruppe for å finne alternative løysingar for utvikling. Landbasert oppdrett var ein av aktivitetane vi fann ut kunne vere aktuelt. På toppen av lista over kandidatar vi kunne tenkje oss å samarbeide med, stod Eide Fjordbruk. Det har med verdigrunnlag. Det er begge familieverksemder, med folk som ikkje er redd for å ta eit tak. Og vi måtte ha med ein aktør som kan oppdrett, seier styreleiar Myklebust. 

Partane fortel at det rett og slett starta med at Kvernevik tok kontakt med Eide Fjordbruk og la fram planane. Kontakten vart oppretta eit år og tre dagar før den store lanseringa med eit hundretals gjester tysdag. Folk frå sjømatnæringa, næringslivsfolk, politikarar og byråkratar var blant dei frammøtte. 

Mange frammøtte: Eit hundretals menneske var samla for å markere lanseringa av SjømatStaden. Det var bransjefolk frå sjømatnæringa, næringslivsfolk, politikarar, byråkratar og familie.

Stod på ski saman
– Eg reiste opp til Harpefossen og stod på ski, Oskar kom på besøk til Hålandsdalen. Vi har funne tonen. Tillit og god kjemi er ein avgjerande grunn til at vi satsar saman. Eg trur det er viktig, for det kjem til å kome kneikar der det er viktig at vi står saman og er vener, seier Sondre Eide.

Han fortel at han hadde vore på Harpefossen tidlegare, sist for å gå vestlandsmeisterskap i skiskyting. Oppdrettaren rakk å ta sølvmedalje i junior-VM før han vart dagleg leiar i familieverksemda. 

I fugleperspektiv: Slik blir SjømatStaden i følgje planane. Ill.: STADSUTVIKLAREN

Både han og Oskar Kvernevik er i 30-åra. Og begge har i løpet av dei siste åra med ei offensiv innstilling overteke styringa i familieverksemdene. Så dei har ein del felles. Kvernevik er i utgangspunktet ein maskinentreprenør, men har dei seinare åra ekspandert kraftig og mellom anna kjøpt byggentreprenøren UNU med base i Måløy. Verksemda er blitt ein viktig utviklingsaktør lokalt. 

I Eide Fjordbruk har dei fått inn ein samarbeidspartnar med oppdrettskompetansen og økonomiske musklane. Verksemda hadde ein omsetnad i 2020 på 812 millionar kroner. 

– Nordfjord er ein fantastisk stad, perfekt til å produsere mat med sine naturgjevne føresetnader. Eg likar meg utrulig godt her. Eide Fjordbruk satsar på utvikling i endå meir berekraftig retning, og Nordfjord er ein av stadane vi satsar. 

Tomta: Det er på dette industriområdet på Kalneset på Bryggja SjømatStaden planlegg landbasert smoltanlegg med lukka sjøanlegg utanfor.