Fjellbekk og Havbrukspartner inngår samarbeid om rekruttering

Nyheter
350

Konsulentselskapet Havbrukspartner har inngått samarbeid med det renommerte rekrutteringsselskapet Fjellbekk. Saman vil dei ta ein posisjon i marknaden for rekruttering til leiarstillingar i sjømatsektoren.

– Havbrukspartner har allereie hjelpt til i ein del rekrutteringsprosessar, men vi ynskte å få inn meir tyngde i dette arbeidet. Vi vende oss til Fjellbekk, som vi oppfatta som ein svært kompetent aktør, og samtalane har no ført fram til eit kontraktsfesta samarbeid, seier dagleg leiar Øyvind Kråkås i Havbrukspartner.

Medan Havbrukspartner vil arbeide mest med kartlegging av stillingar og marknadsføring, vil Fjellbekk ha ansvaret for den konkrete søks- og utveljingsprosessen. Det vil først og fremst dreie seg om leiar- og mellomleiarstillingar. Begge selskapa er baserte i Bergen, men vil kunne ta oppdrag over heile landet.

– Vi har ikkje satsa spesifikt på sjømatsektoren tidlegare, men gjennom samarbeidet med Havbrukspartner ser vi potensiale til å etablere oss som ein viktig aktør i denne bransjen, seier Toralf Alsaker, bedriftsrådgjevar i Fjellbekk.