Firda Seafood Group har gjort avtale med Landøy-familien om å kjøpe 51 prosent av Landøy Fiskeoppdrett. Familien vil sitje att med 49 prosent eigarskap, og halde fram med å arbeide for selskapet.
Landøy Fiskeoppdrett har tre konsesjonar for oppdrett av laks- og aure, og fekk den første tidelt i 1980. Det var brørne Ingvar og Jarl Landøy som starta selskapet, og begge heldt fram med å jobbe der så lenge dei var yrkesaktive. I dag er det etterkomarane til Ingvar Landøy som eig og driv selskapet, både andre og tredje generasjon er aktive i den daglege drifta.
– Det har vore ein lang og tolmodig prosess som har leia fram mot det valet vi no har teke, seier dagleg leiar Roar Landøy i ei melding.
– Vi har erfart gjennom mange år at det er vanskeleg å vere ein liten aktør med avgrensa lokalitetstilgang og produksjon. Ein blir svært sårbare. Gjennom dette sameiget ynskjer vi å styrke produksjonsevna, få tilgang på andre ressursar enn vi har hatt åleine, og fordele risiko. Vi ynskjer og å satse på produksjon av aure framover, og der er Firda ein leiande aktør.
Landøy Fiskeoppdrett har heile sin produksjon i havet rundt Værlandet i Askvoll kommune. Firda Seafood Group har også anlegg i same kommune, samt i Hyllestad og Gulen, og ein lokalitet i Solund som nyleg er klarert. Dei har smoltproduksjon i kommunane Bremanger, Kinn og Vik i Sogn, samt Alvøen i Bergen.
– Værlandet ligg i vårt satsingsområde, og vi kjem til å bygge opp kring det Landøyfamilien har jobba fram gjennom generasjonar. Eg har kjent dei sidan eg sjølv kom inn i næringa tidleg på 80-talet, og er trygg på at vi har felles verdiar og mål om ei sterk bedrift med trygge arbeidsplassar og ringverknader lokalt, seier Ola Braanaas, eineeigar i Firda Seafood Group.
Gjennom avtalen held Landøy Fiskeoppdrett fram som eit eige selskap, samstundes som dei får tilgang på tenester frå Firda sin organisasjon. Det kan vere både båtar og personell på sjøen, og administrativt frå hovudkontoret på Byrknesøy i Gulen. Selskapa vil og inngå felles produksjonsplanlegging, som gir betre kapasitetsutnytting og risikoavlastning. Firda Seafood Group er ein reindyrka aureprodusent, og har utvikla heile verdikjeda si med spesialisering på dette, frå klekking til foredling og eksport.
Landøy Fiskeoppdrett har nytta SCA som sin rådgjevar i prosessen, medan Sparebank 1 Markets har vore Firda Seafood Group sin rådgjevar.