Utfordring for kredittgrenser.
– Dette er eit farvatn vil aldri har vore i før. 110 kroner kiloen er historisk høge prisar, og fantastisk for dei som får ta del i det, seier Tor Hjalte, driftsdirektør for Norwell, til NRK.
Lakseeksportøren ser ingen teikn til at prisane kjem til å gå ned med det aller første.
– Prisbiletet vil nok vere høgt. Om ikkje så høgt som i dag, så vil prisen halde seg høg til over sommaren, seier Hjalte.
Les også: Lakseprisen har etablert seg over 100 kroner kiloet. En del av forklaringen ligger i Chile
Først i august eller september reknar Norwell med at det kjem meir fisk i marknaden. Då vil vi få ei justering av prisane, trur Hjalte.
Ei utfordring er finansiering og likviditet.
– Kredittgrensene ligg der dei ligg. Har du ei grense på ti millionar for ein kunde og den er brukt opp, så må du få inn meir pengar før du kan selje meir fisk. Så akkurat den biten er ei utfordring, seier han til NRK.
– Vi må berre håpe at kundane i andre enden er flinke til å få inn pengar, slik at vi klarar å halde hjula i gang.






