Gründerverksemd forsterkar med ringrev

Nyheter
1372

Etter fem år som leiar i kommunal verksemd kjem Rolf Inge Longva attende til sjømatnæringa. Denne gongen er det Blue Ocean Technology som får dra nytte av kompetansen som den tidlegare gründeren frå Sunnmøre tek med seg.

Longva begynte som utstyrsleverandør for havbruksnæringa i 1985, og starta eige selskap i 1990. I 2007 vart dei kjøpt opp av Ocea, som i dag heiter Steinsvik. Her jobba han fram til 2012 då han skifta beite for ein periode.

Frå trygg leiarjobb til gründerverksemd
Rolf Inge Longva kjem frå Brattvåg på Sunnmøre og har i hovudsak jobba innanfor sal,
marknadsføring og bedriftsleiing i heile sitt yrkesaktive liv. No har han sagt leiarjobben i eit kommunalt føretak for å koma attende til det han opplev som ei utfordrande, men spanande, næring.

– Eg vart tilkalla, og då måtte eg jo berre takke ja. Kombinasjonen av å jobbe med eit nytt produkt, på same tid som eg får jobbe mot ei næring som eg har god kjennska til, vart for freistande, seier Longva.

Han har jobba mange år saman med Hans Runshaug som er styreleiar i selskapet, og understreker at dette har vore med å påverka valet om å takke ja.

– Runshaug er ein ærleg og solid kar å jobbe i lag med, så dette må jo berre bli spanande, framhever sunnmøringen.

Viktig å utnytte ressursane
Den gongen Longva starta i havbruksnæringa vart auskar enno brukt til fôring. Når vi ser på fôringsteknologien som er teken i bruk nokre tiår seinare, så forstår me at det er snakk om ei moderne næring i rask utvikling. Difor trur han òg at næringa kjem til å ta nye krav om oppsamling og reinsing av feces og fôrrestar på strak arm, og ser fram til å jobbe ut mot kundane med ein fornuftig og spanande teknologi.

Avhengig av erfarne folk
– Personleg ser eg veldig fram til å arbeide saman med Rolf Inge igjen. I eit selskap som skal veksa seg større er me avhengig av å ha med folk som har levert resultat over tid, og som kjenner den næringa me arbeider med. Difor set me stor pris på at Rolf Inge takka ja til å vera med oss, seier Runshaug.

Jan Henning Legreid, dagleg leiar i Blue Ocean Technology, ser òg fram til å få Rolf Inge Longva med på laget. Det er stort trykk på marknadssida, og han ser det som viktig å få flinke folk med erfaring og nettverk med på laget.