Det er ikkje arrogant å tvile på om at fisken har same smerteoppfatning som menneske, pattedyr og fuglar

Meninger
1049

Den som kan lese har heilt klart ein fordel! Dessverre er det meir og meir populismen som styrer samfunnet vårt, og altfor ofte blir det lagt for lite vekt på detaljer. Det blir etter kvart ein vane å feilsitere andre for å tilfredstille sine eigne behov og for å sette andre i eit dårleg lys.

Dyrevernsalliansen med Susanna Lybæk i spissen er intet unntak.

I kronikken «Smertefølelse hos fisk» skreiv eg at «Smerteoppfattelsen hos fisk kan kanskje sammenlignes med menneske sin». Dette skildrar nøyaktig mi personlege innstilling til temaet. Likevel «tvilar» eg på den populistiske framstillinga Broom har i sin artikkel «Smerteoppfattelse hos fisk er i prinsippet det samme» som impliserer samtidig en antropomorf argumentasjon av problemstillingen (Key, 2015). Like populistisk ville det vore dersom eg hevda at fisken ikkje føler smerte når den kjemper mot fiskaren og fiskekroken. Derfor skreiv eg i min kronikk at fiskens kamp sjølvsagt ikkje er eit bevis på at den ikkje føler smerte.

Det kan derfor sjå ut til at Lybæk ikkje har forstått opninga i kronikken min og dette er sjølvsagt beklageleg. Susanna, les opninga ein gang til…

Er det akseptabelt at professor Broom, som spesialist i sitt fag, villeiar folk gjennom «enkle konklusjonar»? Veg ikkje dette tyngre enn når folk utan akademiske titlar og tung vitskapeleg bakgrunn gjer det same?

Jo, oftast er det slik, men unntaket er når norske oppdrettarar uttalar seg. Når eg i min kronikk opnar med ei «enkel framstilling» som eg sjølv reviderer i same avsnitt, vert eg kalla arrogant («…ovenfra-og-ned-syn…»), ignorant («fornekte smertefølelse hos fisk, fugler og pattedyr»), «etisk inkonsekvent», «bagatelliserende», «uredelig» og «kunnskapsløs avsporing» og andre ting som var lite kjekt å lese av Dyrevernsalliansen. Slike framstillingar ser ein alt for ofte og viser på forbløffande vis at det IKKJE er eit «selvsagt rom for diskutere på et teoretisk plan hvorvidt fisk føler smerte» slik Lybæk hevdar.

Når skal oppdrettarar, forskarar, dyrevernarar og elveeigarar sette seg ned å diskutere konstruktivt saman utan å krenke kvarandre? Eg er nemleg heilt einig med Lybæk, og eg ser både behov for og positivt på oppmodinga hennar for nettopp denne teoretiske diskusjonen.

Det er heilt klart og ingen tvil om at fisk kan føle ubehag og stress. Dette var faktisk eitt av tema i bacheloroppgåva mi om hematologiske parameter og normverdier hos karpe (2003, Humboldt Universitet zu Berlin): «Einfluss saisonaler Faktoren auf serologische und hämatologische Parameter bei juvenilen Karpfen (Cyprinus carpio L.) unter der Bestimmung von Normalwerten». I tillegg kan fisk moglegvis også oppfatte noko som kan samanliknast med det som menneske kallar «SMERTE», men ein finn ikkje klare bevis for at det er i prinsippet den same SMERTA som vi eller andre pattedyr/fuglar føler.

Omgrepet SMERTE som vi menneske definerer, forstår eller tolkar er ei sterk og i aller høgste grad individuell oppleving. Dette forutset eit svært komplekst system i hjernen (neocortex, «smertesentrum»). Forsking viser at fisken har ikkje dette komplekse systemet som mennesket har, men at «smerteleiinga» kan erstattast fysiologisk med eit anna mindre komplekst system (Sneddon et al 2003). Det kan vere ei mogleg forklaring på kvifor fisken reagerer forholdsvis eintydig på morfin. Eg meinar at vitskapelege forsøk som har blitt gjennomført, enten pro eller contra, smerteoppfating hos fisk, ikkje beviser at fisken føler «SMERTE» på same måte som menneske. På den andre sida meiner eg likevel at vi må ta omsyn til at fisken kan føle ubehag og stress.

På Leibniz-Institute of Freshwater Ecology and Inland Fisheries i Berlin har professor Arlinghaus og kollegaer jobba med “catch and release”-studie på karpe og gjedde. Desse studiane viser at fiskane kan kjenne att negative opplevingar. Etter gjenteke «fangst og utsett» får fiskegruppa endring i åtferdsmønsteret sitt til dømes ved å gå frå normal åtferd med fôringsopptak på dagtid til fôringsopptak på nattetid. Det er fascinerande å sjå at denne åtferdsendringa held seg over lang tid (fleire veker) sjølv etter avslutta «fangst og utsett». Fisken hugsar og assosierer fôropptak med fare, men er neppe eitt bevis for at fisken oppfattar SMERTE når den blir tatt på land.

Vi vil kanskje aldri få vite 100 prosent om og evt. korleis fisken føler smerte i.f.t til oss menneske. Likevel er det eit utruleg spennande tema som er omdiskutert i den vitskapelege verda. Litteraturen knytt til smertefølelse (pro og contra) kan fylle fleire reolar. Lybæk sine argument om at contra-litteraturen er «utdatert, uvitenskapelig og sterk kritisert» er overfladisk. Særleg når ho viser til litteratur som er mykje eldre enn Rose et al. frå 2012 eller Key 2015 i den akademiske tidsskriften Biology & Philosophy (https://scientiasalon.wordpress.com/2015/02/05/why-fish-likely-dont-feel-pain/). Braithwaite et al. publiserte sine studie om fiskesmerte allereie i 2007 og er mellom anna i Noreg vitskapeleg grunnlag for at §2 i Lov om dyrevelferd også omfattar fisk.

Lybæk insinuerer at eg handlar  uansvarleg og at eg bagatelliserer fiskevelferd gjennom å så tvil om at fisken føler smerte. Dette er etter mi oppfatning urimelege skuldingar. I fiskeoppdrett har vi eitt særskilt ansvar for fisken vår. God fiskevelverd, fiskehelse og ansvarleg, reflektert omgang med fisk (til dømes ved transport, avlusing, avliving, bedøving) går hand i hand med god økonomi. I Sulefisk tek vi sjølvsagt ansvar i forhold til både Lov om dyrevelferd § 2 og alle andre lover, forskrifter og regelverk knytt til oppdrett. Vi observerer fisken via fjernovervåkning 24/7 og bekjemper lusa med laser. Vi forskar på oppdrett med lukka merdteknologi (Ecomerden) og driv med multitrofisk akvakultur. Vi har stor kunnskap og interesse for fiskens biologi og dens særeigne eigenskapar. Herunder også om og korleis fisken føler smerte eller ikkje.

Så Susanna Lybæk, eg tvilar på at menneske ville kjempe på same måte som ein laks mot ein fiskekrok… Eg har erfart at ein fiskekrok i hovudet var ei ganske smertefull oppleving for meg, men eg er usikker på om laksens instinktive handling med å kjempe i mot fiskaren og fiskekroken har rotfeste i same smerten…