Alsaker: – Vil ikkje vurdere kjøp av MTB

Nyheter
0

Usikre rammevilkår for all type næring.

«Alsaker Fjordbruk har som ei rekke andre bedrifter valt å heve sitt kjøp av MTB (makimal tillatt biomasse). Me vel også å avstå frå opsjonen til å gjera om hevinga og få høve til å kjøpe MTB for ein pris ned til 100.000 kroner per tonn,» skriv Alsaker Fjordbruk i ei melding fredag.

Les også: Jørgensen mener næringen kollektivt bør avstå fra å by på konsesjonsauksjonen i neste uke

«Grunnrenteskatten inneber ei rasering av verdiar, prosjekt og arbeidsplassar langs kysten, og me vil ikkje vurdere kjøp av MTB sjølv om prisen går ned til kr 100.000 per tonn. Me kan ikkje sjå at denne prisen er forsvarleg ut i frå dei rammevilkåra som no vert gjevne. Til det er framtidig forvaltning av næringa og fargelegging av produksjonsområda for uviss.»

«Skatteforslaget og gårsdagens statsbudsjett viser med all tydelegheit kor næringsfiendtleg landet vert drive, og kor usikre rammevilkåra er for all type næring i Noreg,» skriv Alsaker.

Skorpo. Foto: Alsaker