Merkar pågang frå oljesektoren

Nyheter
508

– Mange står med ledig kapasitet og kompetanse som dei ynskjer å vende mot oppdrettsbransjen. Det kan vere mekanisk industri, teknologileverandørar eller installasjonsbedrifter som ynskjer fleire bein å stå på, seier Øyvind Kråkås, informasjonsansvarleg i Salmon Group.

Nettverket samlar innkjøp på vegne av sine 46 aksjonærbedrifter. Først og fremst handlar det om dei store, jamne innsatsfaktorane; fôr, rogn, vaksiner og forsikringar. På utstyrssida føretar oppdrettarane meir individuelle innkjøp.

– Vi er opptekne av at kvart av våre eigarselskap skal bidra til vekst i sine lokalsamfunn gjennom å gjere innkjøp der. Men ein del av dei aktørane som no melder sine tenester, har teknologi og kunnskap som kan bidra til innovasjon i vår næring, og då prøver vi å kople dei opp mot aktuelle behov. Vi rår dei og til å byggje relasjonar til havbruksnæringa regionalt. Til dømes har vi jo Marint Vekstforum i Sogn og Fjordane, som vi var med og stifta for å styrke samspelet mellom havbruk og leverandørindustri.

Ledig kapasitet ved mange industribedrifter kan og medføre ein del heimflagging av kontraktar som før har gått til utlandet. Til dømes har verksemda Ecomerden signalisert at det for framtida kan vere svært aktuelt å få gjort alt stålarbeidet ved eit norsk verft.