– Propagandaføring mot næringa

Nyheter
476

Under årsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre omtala fylkesleiar Arve Mjømen dei åtvaringane som miljøvernsorganiasjonane kjem med i samband med oppdrettsnæringa, som mobbing, skriv Firda.

– Næringa vert i dag sterkt utsett for negativ omtale, i mange høve urettvis negativ omtale. Miljøvernorganisasjonane held seg godt i live gjennom si propagandaføring mot næringa, sa Mjømen som del av sin tale på årsmøtet.

– Hadde ikkje næringa vore så sterk som den er blitt, vil eg tru at mobbekulturen ville ført til at mange distriktskommunar hadde lege på sotteseng og at arbeidsplassar hadde blitt utradert, sa han.

Mjømen tar likevel miljøvernarane på alvor.

– Eg tar dei på alvor. Men rømming i samband med ekstremvêr, har ikkje hendt før. Ein må kanskje ta ekstremvêret meir alvorleg framover, men eg ser ikkje at dette er ei sak som bør engasjere miljøvernarane meir no, enn tidlegare. Det må ikkje bli brukt som ein dødsens dal for næringa. Skip har sokke før, og vi har lært av det.