Laber interesse: Kun Mowi kjøpte i lakseauksjon

Onsdag 11. november har Nærings- og fiskeridepartementet halde auksjon av nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure.

Det har til saman blitt selt 1.560 tonn. Dei samla inntektene frå auksjonen vart 421 millionar kroner. Det vart tilbydt 7.755 tonn i auksjonen. Dette inneber at 6.195 tonn ikkje vart selde.

– Eg hadde sjølvsagt håpa at meir kapasitet skulle ha blitt seld, men eg ønskjer ikkje å spekulere i årsakene til at næringa ikkje har valt å kjøpe meir av produksjonskapasiteten, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei melding.

55 prosent av inntektene frå auksjonen vert utbetalt kommunar og fylkeskommunar gjennom Havbruksfondet.

Oversikt over vinnende bud

Selskap Produksjonsområde Vunnet produksjonskapasitet
Mowi Seawater Norway AS 1 – Svenskegrensen til Jæren 780
Mowi Seawater Norway AS 12 – Vest-Finnmark 780