Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit resultat før skatt på kroner 649 millionar kroner i 2025.
“Myndighetene sitt nedtrekk hausten 2024 gav fult utslag i 2025, men god biologi med framleis låg dødlighet gjorde at produksjonen blei 37.600 tonn. Slaktevolumet var litt ned samanlikna med året før,” skriv Alsaker i ei pressemelding.
Alsaker forteller at resultatfallet skyldes lavare laksepriser, og peiker blant annet på geopolitisk uro og uforutsegbare tollsatsar i USA.
– Det kan jo være ein toll når du slakter fisken, ein når du setter den på fly og ein når det lander, seier toppsjef og eigar Gerhard Alsaker til Dagens Næringsliv.
Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året 2.664 millionar kroner – noko som gir ein eigenkapitalandel på 59 prosent.
Ved utgangen av 2025 var det 295 tilsette i Alsaker-konsernet. 
Alsaker er vertikalintegrert og driv fire smoltanlegg, 24 matfiskkonsesjonar, slakteri, reinsefiskanlegg og eit havbrukssenter. Konsernet har også eigen brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Produksjonen i konsernet skjer i 14 kommunar: Alver (Meland), Bjørnafjorden (Fusa), Bømlo, Etne, Kvam, Kvinnherad, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Stavanger (Rennesøy), Sandnes, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.


