Vidar Onarheim svarer Kristian Digre.
Det er alltids kjekt å komma i «aviså», no også direkte sitert av administrerande direktør i Stiftelsen Nor-Fishing, Kristian Digre. No skulle ein tru at ein hadde viktigare ting å kommentera i pressa enn eit skarve LinkedIn-innlegg, men eg tar gjerne opp den debatten også i media.
Les også: Konkurranse fra Global Aqua er bra. Men den må være fair.
Bakgrunnen for dette var som fleire hugsar – at Stiftelsen Nor-Fishing hevdar å ikkje tjene pengar på hotellrom til 3 x normal pris. For meg er det kanskje usannsynleg, men det endrar ikkje det faktum at prisane er blitt for høge, og at mange relevante besøkande ikkje får overnatting til rimeleg pris – og dermed ikkje reiser.
At stiftelsen har det Digre omtalar som «beskjeden markedsstøtte», får vera deira sak, men eg har sjølv opplevd å vera hotellkunde i vakre Trondheim før messe (med normale prisar) og så gå inn i messetid der prisane er – mildt sagt – høge. At einkvan tjenar meir på dette enn ellers, er tøysete å stilla spørsmål ved. Uansett bart eller ikkje.
Og til Global Aqua, den nye internasjonale arenaen for akvakultur av alle slags artar – i Oslo, 7.–9. september 2027 – finnes det tilstrekkeleg med hotellrom til alle. Ikkje berre til utstillarar, men også til relevante besøkande. På samme arena arrangerar ein ei messe i juni – Nor Shipping – som har 60.000 besøkande – utan at besøkande må pendle med fly til for å overnatte.
Oppdrettsnæringa treng ein større arena – der næringa kan møta politikk, rammevilkår og finans. Det får ein ikkje til i Bergen, Trondheim eller Stavanger – men i Oslo-distriktet der desse aktørane held til.
Her er Storting, Regjering, departement og mange offentlege aktørar som påverkar oppdrettsnæringa direkte og indirekte. Ved å leggja til rette for dialog – kan me sjå for oss større forståing mellom aktørane, og forhåpentlegvis – vekst.


