Myklebust Verft leverte i 2025 sitt høgaste aktivitetsnivå på mange år, med ei omsetning på 1,6 milliardar kroner – om lag ei dobling samanlikna med året før. Samstundes har verftet investert i utvida verftsområde for å møte auka aktivitet og vidare vekst.
– 2025 har vore eit svært innhaldsrikt år for verftet, med høg aktivitet innan både nybygg, ombygging og ettermarknad. Vi gjennomførte totalt 33 større og mindre prosjekt og hadde 25 dokksetjingar. Aktiviteten har vore jamn gjennom heile året, seier dagleg leiar Leiv Sindre Muren i ei pressemelding.
Mot slutten av fjoråret var opp mot 600–700 personar i arbeid inne på verftsområdet. Dette aktivitetsnivået er venta å halde fram gjennom store delar av både 2026 og 2027.
– Vi gler oss over høg aktivitet og mykje arbeid. Med denne aktiviteten er vi heilt avhengig av våre tilsette, samt det gode samarbeidet med våre kundar og leverandørar, seier Muren.

Driftsresultatet for året enda på minus 8,8 mill. kroner. Med eit noko lågare resultat enn venta, ser verftet fram mot eit betre resultat og vidare omsetningsutvikling i 2026.
Som del av førebuingane til vidare aktivitet og fleire nybyggprosjekt har Myklebust Verft gjennom året styrka kapasiteten ved å utvide verftsområdet med om lag 6–7 mål nytt areal på nordsida av verftet.
– Arealutvidinga er viktig for å kunne handtere dagens aktivitetsnivå på ein effektiv måte, samstundes som vi legg til rette for vidare utvikling av verftet i framtida, seier Muren.
Verftet opplever framleis god interesse i marknaden og arbeider med fleire prosjekt innan både nybygging, ombygging og service.
– Vi ser positivt på moglegheitene framover og opplever interesse frå fleire segment. I dette biletet er det samstundes viktig for oss å halde fram arbeidet med å utvikle oss gjennom effektiv drift, kompetansebygging og vidare utvikling av verftet, seier Muren.
Myklebust Verft har i dag om lag 155 fast tilsette og fire lærlingar. Verftet arbeider aktivt med fagopplæring og rekruttering til industrien.
| Myklebust Verft Invest – konsern | 2025 | 2024 | Endring |
| Omsetning | 1575,0 | 817,2 | 92,7 % |
| EBIT | -9,4 | 20,8 | -145,2 % |
| Resultat før skatt | -13,5 | 18,4 | -173,4 % |
| Driftsmargin | -0,6 % | 2,5 % | |
| Alle tall i millioner kroner | |||






