Lingalaks styrkjer leiinga som ein del av den langsiktige satsinga på Vestlandet. Renete Kaarvik er tilsett som ny viseadministrerende direktør og tek til i stillinga i løpet av våren.
Kaarvik får ansvar for konsernleveransar, intern drift, økonomioppfølging og samordning på tvers av verksemda, og skal vere ei sentral drivkraft i vidareutviklinga av struktur, styring og gjennomføringsevne i Lingalaks. Det skriv selskapet i ei pressemelding, torsdag.
Solid erfaring frå oppdrettsnæringa
Kaarvik har brei og tung erfaring frå oppdrettsnæringa, finans og børsnoterte selskap. Ho kjem frå stillinga som CFO i Lifecare, og har tidlegare hatt sentrale roller i Grieg Seafood (Global Finance Officer) og Mowi, i tillegg til bakgrunn frå transaksjonsrådgiving og revisjon.
– Me er svært glade for å få Renete med på laget. Ho har ein solid kombinasjon av djup bransjeforståing, sterk finansiell kompetanse og brei leiarerfaring. Tilsetjinga er eit viktig steg i vidareutviklinga av Lingalaks og eit tydeleg uttrykk for at me satsar langsiktig på å byggje selskapet vidare med høg gjennomføringsevne, seier Erlend Haugarvoll, konsernleiar og eigar i Lingalaks.
Satsar på Vestlandet
Haugarvoll understrekar at styrkinga av leiinga kjem i ei fase der selskapet har valt vidare eigarskap og langsiktig utvikling på Vestlandet.

– Då er det avgjerande å ha rett kapasitet og kompetanse i leiinga. Renete vil vere ein god støttespelar for meg og bidra til å sikre samordning, framdrift og kvalitet i konsernleveransane, seier Haugarvoll.
Les også: Lingalaks vel vidare eigarskap etter strategisk gjennomgang
Kaarvik ser fram til å ta fatt på rolla.
– Lingalaks er eit attraktivt selskap med sterke fagmiljø og tydeleg retning. Eg ser fram til å bidra til vidare utvikling og til å styrkje samanhengen mellom strategi, økonomi og operativ gjennomføring, seier ho.
Lingalaks har hovudkontor i Norheimsund og er heileigd av Haugarvoll-familien.






