I alt blei det fiska 70 tonn laks i sjøfisket etter laksefisk i 2025. Det er den minste fangsten som er registrert og ein nedgang på fem tonn samanlikna med 2024.
I 2001 blei det fiska nesten ti gonger så mykje laks i sjøen som i 2025. Etter det har dei årlege fangstane vorte stadig mindre. Dei norske laksebestandane er no på eit historisk lågt nivå, og innsiget av laks til elvane er kraftig redusert dei siste tiåra, ifølgje Vitenskapelig råd for lakseforvaltning.
Difor innførte Miljødirektoratet dei strengaste fiskereglane for vassdrag og sjøfiske nokon sinne i 2025. I fleire område var det stengt for fiske.
Vitenskapelig råd for lakseforvaltning peikar på påveknad frå fiskeoppdrettsanlegg, lakselus, klimaendringar og andre menneskeskapte inngrep som dei viktigaste årsakene til at laksebestanden er blitt så låg.

I Finnmark var det berre opna for fiske i Vest-Finnmark og Porsangerfjorden i 2025. Det resulterte i ein stor nedgang i fangsten samanlikna med 2024. I alt blei det fiska 14,8 tonn laks i Finnmark i 2025, medan fangsten i 2024 var på 47,5 tonn. I Trøndelag, som var det fylket som hadde størst fangst i 2025, blei det fiska 44,7 tonn laks. I 2024 var talet 18,8 tonn.
Nesten halvparten av samla laksefangst i 2025 vart teke i Namsos, i alt 33 tonn.
Pukkelaksen har ein toårig syklus og kjem tilbake anna kvart år. I 2023 blei det fiska 98 800 pukkellaks under sjøfisket, medan det i 2025 vart teke 10 100. Pukkelaksen er ein art vi ikkje ønskjer å ha i norske elvar. I tillegg til pukkellaksen som blir fanga under ordinært fiske i elv og sjø, er det organiserte uttak av pukkellaks i mange område. I 2025 blei det teke ut 161 000 pukkelaks med desse tiltaka, medan talet i 2023 var 249 000.






