– Lite sannsynleg at oppdrettsnæringa kan vera med på å forklara den endringa me ser i år

Nyheter
0

Den triste sesongen for større laksefisk, altså dei som er to og tre år gamle, såg lakseforskar Per Tommy Fjeldheim og stasjonen i Etne teikn til allereie fjor vinter. Fjeldheim analyserer skjelprøvene til all laks frå Etneelva.

Som årringar på eit tre gir nemleg fiskeskjela ei rad med opplysingar for forskarane. Mellom anna korleis laksen har vokse og utvikla seg. Analysar av skjel tyda på at veksten hadde vore dårleg i åra mellom 2022 til 2023, då fisken hadde vore til havs for å gjera seg feit.

– I fjor såg me ein halvering av talet på toåringar, frå dei eittåringane som hadde komme året før. Og at dei hadde dårlegare vekst, forklarar Fjeldheim til NRK.

Dermed låg alt til rette for at endå færre laks ville komma tilbake i 2024.

Laksefellen i Etne vassdraget. Foto: Aslak Berge

– Eitt eller anna har skjedd i havet, seier Kjell Rong Utne, forskar ved Havforskningsinstituttet.

Når laksen går ut i havet frå norske elver kan han gå heilt opp til Spitsbergen. Der beiter han, både på planktonet og fisk, og elles det som kan vera næring i. Forskarane har god oversikt over norske farvatn. Der har både temperatur, mengde plankton og andre faktorar vore tilnærma normale dei siste åra. Men kva som skjer i dei arktiske farvatna har dei ikkje noko godt svar på.

Her er oversikta dårlegare.

– Viss veksten har vore dårleg, og det ikkje har skjedd i kystnære farvatn, er det nærliggande å tru at det har vore mindre mat til laksen i dei fjerne farvatna. Det kan vera mindre småfisk som lodde eller nedgang i planter som fisken et, seier Utne.

– Oppdrettsanlegg har jamt over ei negativ påverknad på norsk villaks i store deler av landet, og slik har det vore i mange år. Men det har ikkje vore større endringar i den påverknaden dei siste åra, og det er lite sannsynleg at oppdrettsnæringa kan vera med på å forklara den endringa me ser i år, seier Utne til NRK.