Selskapa Inyard Invest, Cortex og Hareid Elektriske har kjøpt seg opp i Myklebust Verft. Myklebust Verft er med det attende på lokale hender etter ein periode med ein eigarkonstellasjon som har inkludert fleire norske og internasjonale selskap.
Dei tre lokalt forankra selskapa har kjøpt Hurtigruten Group, Maritime Repair (selskap i Lürssen gruppen), Strawberry Equities, H-Invest og Silk Holdings sine aksjepostar i verftet, og eig no verftet saman med John Kleven AS og ei rekke lokale, mindre aksjonærar, ifølge ei pressemelding.
– Verfta er motoren i den maritime klynga på Sunnmøre, og vi er glade for at lokale selskap bidrar til at Myklebust Verft framleis vert ein sentral aktør i denne klynga, seier Per-Christian Kroepelien Lillebø, styreleiar i Myklebust Verft Invest.
– Myklebust Verft har dei siste par åra vore gjennom ei positiv utvikling, og vi ser fram til å vidareutvikle verftet med eit eigarskap med sterk lokal identitet i ryggen, seier Kroepelien Lillebø.