Lakserømming ved Molde

Nyheter
0

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingsmelding frå SalMar Oppdrett ved Moldefjorden i Møre og Romsdal. Oppdrettslaksen i den aktuelle merden er cirka tre kg.

SalMar Oppdrett oppdaga søndag 2. juli skade på ei av merdane, på lokaliteten Setevika N som ligg i Julsundet ved Moldefjorden.

Det melder Fiskeridirektoratet.

Omfanget av rømminga er ikkje avklart. Fisken i den aktuelle merden har ei snittvekt på i overkant av tre kg. Selskapet har sett ut gjenfangstgarn på lokaliteten.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp saka med tilsyn hjå selskapet.