Laks på rømmen i Fusa

Nyheter
0

Bolaks har meldt om rømming ved eit av sine anlegg i Fusafjorden.

Selskapet rapporterte måndag om skade i ei not på lokaliteten Skavhella i Fusafjorden utanfor Os. Notskaden vart oppdaga i samband med at ei makrellstørje hadde kome inn i ei av nøtene.

Det melder Fiskeridirektoratet.

Omfanget av rømminga er ikkje klarlagt. Den aktuelle nota har oppdrettslaks med storleik på cirka fire kg. Det er meldt inn gjenfangst på 35 fisk i området.

Fiskeridirektoratet følger opp saka.