Gjennombrot etter ti år med arealkamp

Nyheter
0

Blom Fiskeoppdrett kan endeleg feire. Kommunalministeren overstyrer Fylkesmannen i Vestland og godkjenner Alværs plan for sjøareala.

Kommunaldepartementet har hatt tidlegare Meland, no Alvær kommune, sin arealplan for sjøareala som vart godkjent hausten 2019 til klagebehandling og godkjent kommunen sitt framlegg til reviderte areal for sjøareala.

– Dette er ein gledens dag, seier Øyvind Blom, dagleg leiar i Blom Fiskeoppdrett, som har venta lenge på å få anledning til å justere oppdrettsanlegga i Herdlafjorden der selskapet har to lokalitetar. Selskapet har hatt store utfordringar med den eine lokaliteten grunna Forsvaret sin lyttestasjon i fjorden, og saka har vore prøvd heilt til Høgserett.

Les også: Ble jaget bort fra egen oppdrettslokalitet av bevæpnet politi

Grep
– Når regjeringa no tek grep og godkjenner gamle Meland kommune sin vedtekne arealplan for sjøareala, får me i alle fall ein anledning til å slå saman lokalitetane Laksevika og Kjeppvikholmen til ein ny og større lokalitet på Kjeppvikholmen – på utsida av det militære forbudsområdet i Herdlafjorden, seier Blom.

– Dette har me jobba for i 10-12 år, og eg veit ikkje kor mange fylkespolitikarar og statsrådar dette har vore diskutert med, men det er mange, seier oppdretteren.

Støtte
– Eg har opplevd stor tverrpolitisk støtte i gamle Meland kommune i denne saka. Dei tidlegare ordførarane, Nils Marton Ådland (H) og Øyvind Oddekalv (Ap) har stått på for oss og jobba målretta uavhengig av lokalpolitisk landskap, og det er viktig i næringspolitikken, legg han til.

Les også: Blom Fiskeoppdrett tapte i Høyesterett

Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) har engasjert seg i saka i mange år.

Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H). Foto: Aslak Berge

– Eg har fulgt saka tett dei siste åtte åra. Det er på høg tid saka løyser seg. Slik denne saka har vært så illustrerer det at det er en utfordring når Staten har så mange ulike roller og gir motstridande signal. Når oppdrettaren velvillig ønskjer å flytte lokalitet for å tilfredsstilla Forsvaret sine krav, så er det eit paradoks at Staten ikkje har gjort meir for å imøtekomme oppdrettarens ønskje om en erstatningslokalitet i området.

Prosess
– No er alle formelle prosessar gjennomførde ved en kommuneplanprosess. Når regjeringen har stadfesta arealbruken i planen, så håper eg dei nedliggande etter bidreg raskt til at oppdretteren får på plass dei nødvendige tillatelser raskt. Omkampen si tid må nå være slutt, seier Trellevik.

Fiskeoppdrettar Øyvind Blom ser fram til ei løysing på den langvarige prosessen.

– Så snart planen er formelt godkjent, vil me sende inn søknad om konsolidering av lokalitetsstrukturen i fjorden til Vestland Fylkeskommune, og få eit framtidsretta anlegg på plass, avsluttar Blom.

Dei omstridte lokalitetane ligger i Herdlafjorden (bildet). Foto: Aslak Berge