Ny Sølvtrans-kontrakt for Myklebust Verft

Nyheter
1547

Myklebust Verft i Sande har inngått ny brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund.

Fartøyet blir det tredje i ein serie basert på Kongsberg NVC 389 design som Sølvtrans frå før har to av i ordre ved verftet. Lastekapasiteten er på 4.000 kubikk. Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San.

Levering, av det som blir bygg nummer 77 frå Myklebust Verft, er kontraktsfesta til april 2022.

– For å kunne møte etterspørselen etter brønnbåttenester både nasjonalt og internasjonalt, så har Sølvtrans valt å kontrahere nok ein brønnbåt ved Myklebust Verft. Vi opplever stor etterspørsel etter våre brønnbåtar i denne klassa. Som selskap er vi alltid opptatt av å kunne tilby det ypparste av kvalitet både når det gjeld båtar og fiskehandtering. I tillegg er det viktig å kunne bidra til lokal verdiskaping og arbeidsplassar. Med denne kontrakten oppnår vi dette, seier Roger Halsebakk, toppsjef i Sølvtrans, i ei pressemelding.

– For ei veke sidan tok vi imot tre nye lærlingar og det er ei ekstra glede å kunne fortelje dei om denne kontrakten som sikrar spennande arbeidsoppgåver i deira læretid, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide.

– For tida er sju av 142 tilsette lærlingar og TAF-elevar. Når Sølvtrans vel å bygge lokalt er dei også med på å legge grunnlag for neste generasjon av stolte skipsbyggarar.