For første gong sidan 2014 kan Myklebust Verft sjå tilbake på eit år med lønsemd. 2019 enda med eit solid driftsresultat på 32,3 millionar kroner, noko som gjev ein historisk høg driftsmargin på 8,5 prosent.
Naturleg nok etter ei slik periode kjem resultatet godt med i jobben med å gjenoppbygge soliditeten i selskapet, noko som ikkje minst er viktig i arbeidet med å sikre nye kontraktar, skriv Myklebust Verft i ei pressemelding.
Høg aktivitet for kjende kundar
Det gode resultatet kjem frå gjennomføringa av 38 prosjekt innan fiskeri, offshore og andre arbeidsbåtar. Det blei dokka 25 fartøy og dokkutnyttinga var rekordhøg med 302 dokkingsdøgn. Alle kundar og prosjekt gav sine respektive bidrag til resultatet.

– Kundelojaliteten for 2019 blei på heile 86 prosent, og dette er eitt av våre viktigaste mål i den daglege drifta på verftet, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide.
– Lykkast vi med å gjere godt arbeid så er det enklare for kunden å velje oss ved seinare høve. AKOFS Offshore, Island Offshore og Sanco Shipping var dei klart største kundane ved verftet i 2019 målt i talet på fartøy eller omsetjing. I tillegg til stor innsats frå våre eigne tilsette, har vi også ei rekkje leverandørar som gjennom sine daglege leveransar til våre prosjekt har gjort sine viktige bidrag til eit godt 2019-resultat.
– Av større kontraktar i 2019 var sjølvsagt ombyggingsoppdraget på “AKOFS Seafarer” og kontrakten på ny brønnbåt til Sølvtrans, inngått høvesvis februar og juni.
| Myklebust Verft | 2019 | 2018 | Endring |
| Omsetning | 380,0 | 805,7 | -52,8 % |
| Driftsresultat | 32,3 | 4,6 | 602,2 % |
| Resultat før skatt | 24,6 | -1,0 | -2560,0 % |
| Driftsmargin | 8,5 % | 0,6 % | |
| Alle tall i millioner kroner |
– Kontraktsmessig lykkast vi med å inngå kontrakt på ytterlegare ein brønnbåt for reiarlaget Sølvtrans, basert på same design som for kontrakten inngått i 2019. Ordrereserven passerte dermed ein milliard kroner. Oppdraget på “AKOFS Seafarer” tilførte også i første kvartal mykje aktivitet til verftet i tillegg til 12 andre oppdrag innan ettermarknaden. Den 3. mars tok vi innover oss koronasituasjonen og starta med aksjonar knytt til smittevern i alle våre aktivitetar. Sjølvsagt pregar Covid-19 også vår organisasjon, våre leverandørar og våre kundar – ikkje minst etter at stadig fleire karantenereglar og tiltak har blitt sett i verk. I lag med marknaden og heile forsyningskjeda jobbar vi det vi kan for å handtere situasjonen og halde drifta gåande.
Optimistisk på resten av året
– Det verkar som vi har fått stabilisert situasjonen og at vi både har oppdrag og mulegheit til å gjennomføre desse i tida framover, seier Hide.
– I skrivande stund har dokka og kaiene våre fullt belegg, og vi er i dagleg kontakt med kundar som har jobbar som skal utførast. Det er særs viktig at vi klarar å halde oppe flyten av varer og tenester og då ikkje minst også arbeidskraft. Vi tek dag for dag med positiv innstilling, nøktern optimisme og med god tru på at vi skal kome oss gjennom denne krevjande perioda også, seier han.







