Ikkje sidan midten av 90-talet har selskapet brukt kvitløk i produksjonen, men i helga vart dei første tankane med planteekstrakt lasta ombord i «Sulefjord» og frakta vidare ut på lokalitet.
Ekstrakt av kvitløk, ramsløk og sitkagran er det absolutt siste innan forskning og utvikling i bedrifta.
– Kvitløk har vi prøvd før, men at vi no skal ta i bruk også ramsløk og sitkagran er ganske sprøtt, seier Michael Niesar, dagleg leiar i Sulefisk.
Lokale ressursar
Dette er ingredienser som veks i nærområdet, men likevel vert ikkje ekstraktet produsert lokalt.
– På grunn av mengdene vi her snakkar om har vi fått leveringsavtale med eit eksternt firma i Norge, seier han.
I samarbeid med forsknings- og utviklingsselskapet Akvahub har Sulefisk i lengre tid testa ut effekten av planteekstrakt på lakselus, og er no endeleg klar til å innføre det i produksjonen.
Har trua
Michael Niesar i Sulefisk og Asbjørn D. Løland i Akvahub har begge trua på at dette kan bli eit revolusjonerande gjennombrot for næringa i kampen mot lakselusa.
– Dette er vi stolte av å ha fått til, seier duoen.