100 år med matproduksjon for familien Eide

Nyheter
2545

30. juni vart det feira 100-årsjubileum i Hålandsdalen.

Det er 100 år sidan besteforeldra til Knut Frode Eide gifta seg og rydja seg eit småbruk på Luren i utkanten av garden Eide.

Derifrå hadde dei utsyn over Skogseidvatnet og mot Hardangerfjorden. Til eigedommen høyrde det ein holme i Skogseidvatnet. Lite ante Karoline og Knut Eide at den skulle bli grunnlaget for ei suksessrik oppdrettbedrift. Men giftarmålet sommaren 1917 vart starten på ei reise frå jord via vatn til sjø – heile tida som matprodusentar. 

Karoline og Knut produserte mjølk og kjøt i liten skala. Sonen Knut Johan Eide (1923-2005) prøvde seg med grønsakproduksjon, saueavl og hønseri i tillegg til jobben i Forsvaret. Cirka 1970 tok han holmen og Skogseidvatnet i bruk til dei første forsøka med oppdrett av regnbogeaure. Gründeren gifta seg med Bjørg Hjelmeland, som kom frå ein entreprenørfamilie i Sogn og Fjordane. Hjelmelandsgjengen har stått for oppbygginga av store deler av det fylket frå 1950-talet. I 1959 fekk Bjørg og Knut Johan sonen Knut Frode. Han var med faren i oppdrettsverksemda frå starten – og på fulltid frå 1984. Knut Frode har fått med seg sterke eigenskapar frå både Eide- og Hjelmelandssida. Han er ein raus krigar som likar å få til ting. Og han har eit ukueleg pågangsmot. «Ikkje gje deg, Frode!» sa mora, og det har vore mottoet hans sidan.

I 1983 møtte han Randi Herre frå Voss. Dei er eit sterkt team, og det er dei to som har bygd opp verksemda til det den er i dag. I 1986 etablerte K.J. Eide Fiskeoppdrett sitt første anlegg i sjø – i Fusa kommune. To år seinare flytta dei matfiskproduksjonen til Hardangerfjorden og Kvinnherad kommune. Eide Fjordbruk AS vart stifta i 1993, konsentrerte seg om laks og voks med både nye konsesjonar og nye lokalitetar i Kvinnherad kommune. I 1994 kom eit vendepunkt for selskapet: For første gong opplevde Eide-familien eit solid overskot etter 24 års drift med «pengabyte»!

Randi og Knut Frode Eide sammen med sønnen Sondre. FOTO: E. Vangsnes

I 2009 kjøpte Eide Lindås-selskapet Fyllingsnes Fisk AS og etablerte seg også i Nordhordland. I dag har selskapet åtte matfiskkonsesjonar og eitt FoU-løyve i tillegg til setjefiskproduksjon.

Tredje generasjon, Sondre, kom inn på fulltid i bedrifta hausten 2015, medan nummer to, Erlend, er ferdig med masterstudie i Trondheim og kjem med for fullt frå no av. Selskapet er i sterk vekst, planane er mange og optimismen stor hjå tredje generasjon Eide. Under mottoet «Tradisjon for kvalitet» ønskjer dei å medverka til ei berekraftig utvikling av matproduksjonen i verda ved å dyrka sjøen og produsera sunn mat.

Jubileumsmarkeringa starta på Luren. Yngste blad Eide, Bjørg Marit, klipte snora og opna feiringa saman med far Knut Frode Eide. Nabo og skodespelar Anderz Eide gav publikum ei innføring i 100-årshistorien og las opp «Mellom bakkar og berg», medan fusajenta Magni Rosvold spelte feleslåttar etter bestefar «Knut-i-Luren» i strålande sol og sommarvarme.

Dei 120 gjestene vart bussa til Eidestøa for vidare program og opning av nye kontorlokale. 

Arne Hjeltnes var konferansier på feiringa av det han spøkefullt omtala som «verdas eldste oppdrettsfirma». Han overrekte ei «laksetrøye» frå årets Arctic Race til Knut Frode. Han er gammal idrettsmann og fortalde at han hadde sykla Bergen-Voss (den gamle løypa var 170 km) på 4 t 59 min. For å vera ein brukande idrettsmann i hans glansdagar, måtte ein fullføra Skarverennet på under 2 timar – han brukte 2.01.06 – og springa Stoltzen på under 12 min – han hadde 12 blank. På sykkel greidde han kravet!

Hjeltnes introduserte òg dagens pionerar – sønene Sondre Eide og Erlend Eide som viste videoar og fortalde om sine utviklingsprosjekt «Framsyn» og «Salmon Zero». Det går stadig føre seg nybrotsarbeid i Eide Fjordbruk!

I 2011 opna ei lokal verksemd som Eide-familien hadde investert i saman med skiskyttarkjendisane frå Hålandsdalen: Kurs- og konferansesenteret Skjelbreid Poirée. Der var det duka for festmiddag og utandørskonsert med Hellbillies.

Ein fantastisk dag med strålande vêr, blide folk, innhaldsrikt program, god mat, god musikk og stor stemning!