Tid for merkevarebygging

Nyheter
805

Kvart år sidan 2012 har Noregs sjømatråd brukt TNS Gallup og deira globale partnarar for gjennomføre ei global undersøking av konsumentane sine preferansar for norsk laks. 97 000 personar frå 20 ulike land har deltatt kvart år, og resultatet er overveldande.

Den norske laksen har aldri hatt så høge preferansar som den hadde i 2015.

Norsk laks står seg godt mot den skotske
Det mest interessante er kanskje at preferansane for laks frå andre land går ned, medan det motsette skjer med den norske laksen.

Den skotske laksen er nedgåande frå fem prosent, medan andelen konsumentar som føretrekke den norske laksen har gått frå 35 prosent då undersøkinga starta i 2012, til 41 prosent i 2015.

Kan profittere på norsk laks
– Det betyr at konkurransekrafta til dei norske lakseprodusentane er sterkare enn den har vore før, og dette gjer det mogeleg å profittere på at laksen blir produsert i Noreg, seier Aandahl til iLaks.

Han trur det vil vere lurt å utnytte denne situasjonen, og bygge eigne merkevarer med utgangspunkt i den norske laksen.