Evanger kraftverk under lupen etter at over 90 prosent av Vosso-smolten døde

Nyheter
95

Det var i fjor vår at Vossolauget arrangerte en konkurranse i forbindelse med utvandringen til Vossosmolten. 160 radiomerkede smolt ble sluppet ut i vassdraget som strekker seg fra Voss til Osterfjorden. 80 var villsmolt og 80 var klekkerismolt fra Voss Klekkeri.

Les også: Følg Vossosmolten ut Osterfjorden

Resultatet var nedslående. Bare en av 160 radiomerkede smolt kom seg ut til Nordhordalandsbrua, forteller styreleder for Vossolauget, Nils Inge Hitland, til iLaks.

Alvorlige funn
– I studien kom det fram at over 90 prosent av smolten ikke kom seg gjennom Evangervatnet. Dette var så alvorlige funn at vi ville ha dette drøftet i det årlige forskermøtet i Redningsaksjonen. Dette ble gjort i desember, og resultatet er at det blir igangsatt en ny stor og omfattende studie dette året for å avklare årsaken til det store tapet i Evangervatnet.

Mer enn ni av ti smolt kom seg altså ikke ut i sjøen i det hele tatt. Det er vel to mil fra Evangervatnet til Stamneshella, munningen til Osterfjorden.

I rapporten som er utarbeidet i forbindelse med prosjektet analyseres årsakene til den uvanlig høye dødeligheten i Evangervatnet.

Stort frafall
«Frå dei 40 merka villsmoltane frå Vosso fekk vi sikre deteksjonar frå 36 individ, der 34 vandra ut i Evangervatnet i perioden 21.0 april til 13. mai med hovudvekt ikring 8. mai. Dei fleste av desse heldt seg i aust-enden av Evangervatnet i ein periode frå nokre timar til fleire veker før dei vandra vidare gjennom vatnet. I aust-enden av vatnet var det god dekning med lyttebøyer, noko som gav jamlege deteksjonar medan dei oppheldt seg der. Frå elveosen av Vosso til lyttebøyene midt på vatnet var det eit stort fråfall der berre 13 fisk nådde fram—med andre ord eit fråfall på 62 prosent på desse tre kilometerane av vatnet. I alt 10 smolt hadde kontinuerlege deteksjonar i vatnet ut studieperioden, og vart difor vurdert til å vere daude innan rekkjevidda til ei lyttebøye: to i elveosen og åtte midt på vatnet. Det var berre tre smolt frå denne gruppa som kom seg heilt ut i sjøen, altså eit fråfall på 91 % frå utløpet av Vosso til utløpet av Bolstadelva. Ein av desse tre vandra vidare ut frå Bolstadfjorden.»

«Sjølv om predasjon kan vere ei årsak til noko dødelegheit, er det lite sannsynleg at han skal være mykje høgare gjennom dei fyrste kilometrane av Evangervatnet enn i resten av vassdraget og Bolstadfjorden.»

Gassovermetning
En annen årsak pekes ut som mer sannsynlig.

– Det ser ut for at det kan være gassovermetning i utløpsvannet fra Evanger Kraftverk, forteller Hitland.

Rapporten utdyper dette:

«Av di mange fisk døyr i området der dei passerer Evanger Kraftverk sitt utløp (mellom stasjon 20 og 30, Figur 16) peiker kraftverket seg ut som ei mogleg problemkjelde. Kva slags faktor som speler inn er meir uklart og det må vidare undersøkingar til av kva slags effekt kraftverket har på den utvandrande smolten i vassdraget. Ein mogleg slik stressfaktor som kraftverket kan medføre er gassovermetting. Det vart registrert gassmetting i Evangervatnet i 2015 sidan fyrst i mai (5. mai ved Vassenden og 15. mai ved kraftstasjonen) til ut
smoltutvandringsperioden. I periodar er gassovermettinga frå kraftverket 2-4 % over den naturlege mettinga frå Vosso. Gassmettingsverdiane ligg under 110 % i utvandringsperioden— ein verdi som i Nord-Amerikanske laksefisksystem reknast som ein kritisk verdi (US EPA 1986). I området utanfor kraftverket var gjennomsnittleg mettingsverdi på 106,2% i perioden frå 15. mai og ut mai, med maksimal metting på 108,2%. Diverre ga ikkje målingane i dette området ikkje data før 15. mai. På denne tida hadde allereie fleir enn 85% av villsmolten vandra ut i Evangervatnet (Figur 15). Stikkmålingar i 1. mai-15. mai perioden synte at mettingsnivået var på om lag same nivå i denne perioden som dei var etter at loggarane kom skikkeleg i drift (Ulrich Pulg, Uni ResearchMiljø, pers. kom.). Ny forsking på norsk laksesmolt i laboratorieforsøk syner at stressnivået aukar når nitrogenmettinga kjem over omlag 103 %. Dette stresset aukar progressivt med aukande overmetting. Laksesmolt synest å overleve bra med stabil overmetting, men i det ein slepp overmettinga attende til 100 %, får fisken dykkarsjuke med bobler i huda, på gjellene og på finnane, med etterfølgjande dødelegheit. Ved 112 % nitrogenovermetting døyr nesten all smolt, og ved 107–108 % døyr 50–60 % av smolten (Martin Iversen, Universitetet i Nordland, pers. kom.)».

Rapporten er utarbeidet av Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, INAQ AS, Nord universitet, Fakultet for Biovitenskap og Akvakultur og UNI Research Miljø.