Opningsarrangementet som finn stad på nye Kystens Hus i Tromsø har fått tittelen – Eit hav av ambisjonar, og i fylgje Lena Steffensen som er leiar for YoungFish Nord handla det om å etablere nettverk for å bygge framtida for norsk sjømat.
Eit hav av moglegeheiter
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker hadde fått æra av å opne arrangementet og takka for at ho fekk snakke til så ambisiøs forsamling.
– Vi har eit hav av moglegeheiter, vi treng dykkar hav av ambisjonar. Gratulere med dagen til YoungFish Nord, sa ministeren og framheva at ho er stolt av å få lov å vere minister for ei så spennande næring, med så mange ambisiøse unge menneske.
Framtida i «snykrabbe»
For å synleggjere mogelegheitene i sjømatnæringa hadde arrangørane fått med seg innleiarar som jobba i ulike delar av næringa. Leonore Olsen frå Kvarøy på Helgeland er ein av dei.
Ho har bakgrunn som røktar på det lokale oppdrettsanlegget, er utdanna ved Norges Fiskerihøgskule, og jobba no som forskar i Sintef. Erfaringa frå laksenæringa har vore nyttig å ha med seg, men no for tida handla det aller meste om det ho sjølv omtalar som «snykrabben» som ho har så inderlig trua på.
Ho samanlikna den med kongekrabben, fordi dei aller fleste veit kor godt den smakar.
– Snøkrabben har ti føter, mens kongekrabben berre har åtte. Snøkrabben er mykje lettare å reinse enn kongekrabben, og sist men ikkje minst så smaka den så utruleg mykje betre enn kongekrabben, seier Leonore Olsen med eit smil.
Ho trur snøkrabben kan bli ein viktig ressurs for norsk sjømatnæring.
Nettverk for unge
Avslutningsvis var det tid for debatt om behovet for ein organisasjon som YoungFish. Eit moment i den diskusjonen er at medlemmane må bruke organisasjonen for å skaffe seg nettverk, og for å nå fram med sine idear og synspunkt.
Ei anna viktig oppgåve for YoungFish er å synleggjere næringa for unge menneske. Jim Roger Nordly, i Nordly Holding, trur YoungFish også kan vere ein ambassadør for heile næringa.