Vilnes utviklar ny kombibåt for havbruksnæringa

Nyheter
0

Eit nytt servicebåtkonsept for havbruksnæringa er under utvikling i Sunnfjord, der innovative krefter frå Førde, Florø, Atløy og Bygstad jobbar saman. 

Shippongmannen Ove Vilnes i Artic Group står for idéane, og er den som er opptatt av å sjå moglegheitene innanfor ei næring som dei siste åra har slite med aukende kostnadsnivå. Multi Maritime fører teikningane i pennen.

– I prosessen har partane tenkt på korleis ein kan få til optimale miljø- og fiskehelseløysingar, med berekraft i fokus. Med dette konseptet løyser vi fleire arbeidsoppgåver på ein gong, samtidig med at vi held kostnadane for næringa nede, seier Ove Vilnes i ei pressemelding.

Fleirbruksbåt
Det viktigaste med denne båten er at den skal byggast som ein kombibåt, og utstyret blir påmontert i ettertid etter kunden sine ønskjer – alt etter eit konteinarprinsipp. Arbeidsplattforma kan derfor brukast til mange ulike kombinasjonar. Fleirbruksbåten kan for eksempel utstyrast med komplett avlusingsutstyr, lusefilter og A-ramme akter på dekket (300 t/t) – samtidig som den kan vere utrusta med nødbløgging framme på skipet. I underrommet blir det sett opp konteinarbaserte RSW-tankar med kjølesystem og vacumpumpe.

Arbeidsdekket er på 590 m2 så det er også plass til eit kontainerbasert dødfiskanlegg med ensilasjetank. Båten er designa for å bruke minst mogleg energi, i tråd med aukande fokus på å redusere oppdrettsnæringa sitt karbonavtrykk.

Fleire viktige funksjonar som avlusing, nødbløgging, dødfiskhandtering og fire kranar, alt permanent montert om bord på same båt – eller færre fuksjonar – alt etter kunden sitt val reduserar sjølvsagt dei totale båtkostnadane for oppdrettar. Det gir tryggleik for fiskehelsa å alltid ha tilgang på nødvendige verktøy. På same tid er aukar konseptetet driftssikkerheita på lokalitetene for den enkelte oppdrettskunde.

Byggekostnaden skal, ifølge meldinga, være «gunstig».

Skorget er utforma basert frå erfaringar frå fiskefôrbåtane og lang erfaring frå DP-operasjon ved merd. Fartøyet vil vere sjøsterkt slik at det også kan foreta serviceoppdrag til havfarmar. Gyrostabilisert gangveg for mannskap, DP, Anti-heeling system, gyrostabiliserte kranar og spesialutvikla ballastsystem vil vere montert.

F.v. Jan Arve Heggøy (Sjøglans), Bjørn Olav Espe (Multi Maritime), Maxim Grachev (Ocean Electronics),
gründer Ove Vilnes (Artic Group), Odd Birkeland (Maritim Montering), Mikael Johansen og
Gustav Johan Nydal (Multi Maritime).

Lokalt samarbeid
Multi Maritime har samarbeida med Ove Vilnes i 20 år. Forretningsutviklar hos Multi Maritime Gustav Johan Nydal legg vekt på at lokalt samarbeid gjer ting enklare og at ein har opparbeidd seg stor tillit gjennom alle desse åra. Tidlegare har vi jobba med fiskefôrbåtar der innovasjonen var at ein gjekk frå palle til bulk. No blir nye idear og teknologi overført til teiknebordet, gjennom tett dialog og stor grad av integritet mellom partene i arbeidet. Også den lokale bedrifta Ocean Electronics har vore med tidleg i planleggingsprosessen, og den lokale tilknytinga har vore viktig i prosjekteringsfasen. Fiskebåtreiar Jan Arve Heggøy er invitert inn for å vere ein sparringpartnar i utviklinga av den nye servicebåten.

– Kvalitet betalar seg på sikt, uttalar Odd Birkeland i Maritim Montering. – Det er avgjerande at dei som jobbar på båtane er stolte av arbeidsplassen sin og dermed tek godt vare på båtane og utstyret.

– For Ocean Electronics er det viktig å bli med tidleg i prosessen, seier Maxim Grachev, slik at vi sikrar gode løysingar saman. Alle har som mål at løysingane skal vere enkle og gje rasjonell drift.

Den planlagde servicebåten skal vere både fleksibel og rasjonell i drift, samtidig som den skal ha ein klar grøn profil. Båten er delvis utstyrt for framtidig autonom drift og har full redundans for alle hovudfunksjonar om bord. Motorisering er dieselelektrisk med IMO Tier III rensing, og hybridløysing med stor batteripakke. Utsleppa skal vere så små som mogleg.

Båten er teikna med ei lengde på 44,9 meter og breidde på 15 meter – men dette er skalerbart både opp og ned i båtlengde.

Illustrasjon: Multi Maritime