Vil lage fôr av insektlarver

Nyheter
1605

Det nystarta selskapet NorInsect produserer insektlarver i Stordal i Møre og Romsdal. Måndag hadde selskapet besøk av ein delegasjon med stortingspolitikar Else-May Botten (Ap) og ordførar Eva Hove (Ap) i spissen.

– Akkurat no er det cirka ein million larver her. Men målet er å kome opp i minst ein milliard, fortel gründer Peder Stavdal Vikenes til Sunnmørsposten.

Vikenes satsar i første omgang på å utvikle larver som kan bli til dyrefôr, ikkje minst i oppdrettsnæringa.

Når larvene har nådd ein viss størrelse, blir dei slakta ved nedfrysing – og blir fôr. Også avføringa til larvene ser NorInsect nytte i.

– Avføringa er full av næring og er perfekt som plantegjødsel. Den er stappa med energi, og blir som ein «Red Bull» på ein rosebusk, seier Vikenes til Sunnmørsposten.