Nærings- og fiskeridepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag om å opne for tildeling av løyve til akvakultur til utviklingsformål. Formålet er å legge til rette for teknologiutvikling og vidareutvikling av driftsformer, til dømes offshore-oppdrett.
Dette er hovudpunkta i forslaget:
- Utviklingsløyve skal bidra til auka omstilling og innovasjon i næringa.
- Teknologien skal gjerast kjent slik at den over tid kan kome heile næringa til gode.
- Løyvet blir tildelt for inntil 15 år med høve til å kunne konvertere til kommersielt løyve etter ei viss tid, mot eit vederlag.
- Vederlaget blir fastsett enten med utgangspunkt i marknadsprisen på tildelingstidspunktet (fastpris) eller til marknadsprisen på konverteringstidspunktet.
- Ved fastsetting av fastpris må ein vente at det blir eitfrådrag for risiko og investeringskostnader.
– Det er et stort behov for å utvikle nye måtar å drive havbruk på for å løyse dei miljø- og arealutfordringane som er i næringa. Dette kan innebere store investeringar og prosjekt med utviklingsfasar som dagens ordning med forskingsløyveikkje er tilpassa, seier Aspaker.
Departementet ber om høyringsinstansane sine innspel til alle delar av høyringsbrevet, og særleg det som gjeld høvet til å kunne konvertere etter ei viss tid; på kva vilkår dette kan skje og til kva for pris. Departementet tek også imot forslag til eventuelle andre løysingar som høyringsinstansane meiner kanlegge endå betre til rette for utviklingsprosjekt enn det som er føreslege her, og som kan bidra til auka berekraft og auka samla verdiskaping.
Høyringsfristen er 20. august 2015.