Vil endre ny versjon av Ecomerden

Nyheter
689

Medan ei rekke konsept for lukka anlegg framleis er på teiknebrettet, er Ecomerden i full drift. Sidan hausten 2015 har merden produsert laks hos Sulefisk i Solund.

Arbeidet med Ecomerden skriv seg attende til 2010, då Jostein Kråkås i Sulefisk og sivilingeniør Jan Erik Kyrkjebø tok til å arbeide med ei flytande, lukka merd for produksjon av postsmolt. Tanken var å kunne produsere ein meir robust fisk med utsetts-vekt på til dømes 1 kg, to gongar i året. Dette ville kunne halvere eksponeringstida i open sjøfase, redusere risiko og gjere produksjonen meir fleksibel. Føresetnaden var å halde fisken fri for lus og lusebehandlingar.

Grønt skifte
Då dei grøne løyva vart lyste ut, søkte Sulefisk om eit løyve i gruppe C, basert på denne teknologien. Som ei av ti verksemder vart dei tildelt løyve, og etter lange ankerundar og tolmodig venting, kunne dei endeleg ta det i bruk hausten 2015. Då var intensjonen endra til å produsere slakteferdig fisk i Ecomerden.

Den aller første utgåva av merden er produsert med både internasjonal og lokalt arbeid. Sjølve stålkonstruksjonen er laga på Filippinene, den fleksible duken er produsert i Sveits, samanstillinga er gjort i Bergen og ein del komponentar er leverte i Solund. Det samla produktet er solid og velfungerande, fisken veks og trivast i anlegget, skriv Salmon Group i ei pressemelding.

Erfaringar
Jan-Erik og ArildLikevel er det alltid slik at ein gjere seg nokre nyttige erfaringar når ting kjem i drift. Oppfinnaren sjølv, Jan Erik Kyrkjebø, er i dag leiar av selskapet Ecomerden som eig og utviklar konseptet vidare. Han fortel at han vil gjere nokre modifikasjonar for den neste utgåva av anlegget, sjølv om den tekniske løysinga på Ecomerden er svært robust, og anlegget har vist god funksjonalitet utan problem i stormane som har herja i vinter.

– Vi har no designa den neste Ecomerden med ein mykje høgare sprutskjerm, og med moglegheit for heilt tett overbygg for dekket på flytekragen. Dette ser vi på som viktig på grunn av overskyljing, med mogleg innslag av lus og sjukdomssmitte. Dette vil og vere ei forbetring med omsyn til fôring, lyssetjing, og betre ergonomi og arbeidsforhold for røktarane.

Han ser og eit behov for å halde fuglen vekke frå anlegget.

– Det vi ser er at når det er fugl over fuglenota, dykkar fisken momentant nedover, og vi meiner dette kan unngåast ved å tette overbygget, på same måten som ein rubbhall.

Utstyret som er under havflata har klart seg godt gjennom vinteren.

– Sjølve dukposen i Ecomerden har grodd ubetydeleg i forhold til røktenota, då den er innsett med eit antigroingsmiddel som er næringsmiddelgodkjent, seier Kyrkjebø.

Lus
Å unngå lusesmitte er ein av dei kritiske suksessfaktorane for anlegget. Ein har funne lus i anlegget, men Kyrkjebø meiner dette ikkje utgjere nokon smittefare. Det har aldri vore problem med for høge lusenivå i Ecomerden, seier han. Nivåa av lus er under lusegrensa for det grøne løyvet på 0.1 kjønnsmodne holus i snitt.

Lusefri smolt Ecomerden 1 2 kg på 4 mnd– Lus kan kome inn i ei lukka merd ja, men for at det skal eskalere må der kome ei kjønnmoden holus og ei kjønnsmoden hannlus på ein fisk. Dersom egg klekkast og larver blir slept ut inne i Ecomerden, vil det i løpet av 30-40 minutt bli skolt igjennom anlegget. Det tar minimum 100 døgngrader ( ca. 10 dagar ved 10 grader Celsius) før ei larve blir til ein kopepoditt og kan symje sjølv. Då må denne setje seg på ein vert, elles dør den. I vårt tilfelle har då den vandra 400 gonger inn og ut gjennom Ecomerden. Dette er lite sannsynleg, og det er forklaringa på at i lukka anlegg vil det ikkje eskalere med lus, men tynnast ut etter kvart.

Luseførekomsten i anlegget har heile tida vore svært låge , under tiltaksgrensa, og Kyrkjebø meiner førekomsten har samanheng med uvær på lokaliteten og overskyljing av sjøvatn. I tillegg er det registrert at det kan førekome omveltingar som kan ta inn lus frå lågare skikt, men det er grunn til å tru at dette stort sett er skottelus.

– Skottelus er også funne på torsk og pale på lokaliteten. Det vil sannsynlegvis vere veldig lokalitetsbetinga om det vil kome inn lakseholus i samband med omveltingar i vassmassane, seier han.

– Vi hadde ingen lus på fisken før hauststormane sette inn, men vi fekk ein periode med så heftig vær at ein ikkje kunne sende personell ut på merdkanten. Då gjekk sjøen over rekka og inn i merden, og vi meiner dette må vere orsaka til at lusa kom inn.

Like fullt er ein ute etter å undersøke alle smutthol for lusa.

– Vi skal no teste ein planktonduk over sjøinntaket for å samle opp eventuell lus som kjem med vatnet. Duken har ein tettleik på 350 my. Då får vi svaret på om det er grunnlag for denne hypotesen. I tillegg har vi konstruert ein neste versjon, der kunden kan velje om han vil ha eit integrert trommelfilter i flytekragen, som vil ta alle stadium av lus før dei kjem inn i merden. Ecomerden er designa for at vi kan levere anlegg med og uten lusefilter på inntaksvatnet. Den neste utgåva av Ecomerden vil etter mine vurderingar ikkje oppleve nokon førekomstar av lus på fisken.

Tilvekst, dødelegheit og fôrfaktor
Fisk fra Ecomerden etter 4 mndFor dei andre kritiske parametera for fiskevelferd og økonomisk produksjon, er Kyrkjebø godt nøgd so langt.

-På sine første 126 dagar i Ecomerden, 12. oktober 2015 til 16.februar 2016, vaks fisken frå ei snittvekt på 90 gram til ei snittvekt på 617 gram med en dødelighet på 0.6% . Reell forfaktor blir då 0,85.

Framover vil det bli spennande å sjå kva auka tettleik i merden vil ha å seie for fisken. I eit lukka anlegg er ein avhengige av å kunne nytte volumet betre enn i opne merdar i sjø. Fleire vitskaplege forsøk er i ferd med å greie ut kva tettleik som vil vere optimal for veksten og velferda til fisken.