I år har oppdrettselskapet Sogn Aqua produsert 50 tonn kveite, som blir levert til dei finaste restaurantar i Oslo, Bergen og Trondheim.
– Vi håpar at vi kan komme i gong å byggje eit større anlegg allereie til neste år, for å dekke litt av etterspurnaden. Då snakkar vi om ein 6–7 dobling av den produksjonen vi har i dag, seier oppdrettar Jan Arne Brekke til NRK.
På oppdrettsanlegget i Slantevika, på sørsida av Sognefjorden i Høyanger, kikkar han opp i eit kar med 7000 kveiteyngel.
– Det er framtida vår. Om tre år skal vi byrje å hauste frå dei, seier han.
Dei halvt år gamle fiskane veg berre ti gram. Fullt utvaksen kan kveita bli opp mot 300 kilo, medan fisken Brekke leverer frå seg ligg på om lag ti kilo.
– Det er heilt ufatteleg, no er dei heilt skjøre, nesten som eit lite lauv. Men dei veks på seg kvar einaste dag, jamt og trutt med dei forholda vi har, seier han.
Sogn Aqua har kveita på land heilt til ho er klar for restaurantbordet. Det er dei åleine om i landet.
– Dei andre slepp kveita ut i sjøen når ho er rundt 100 gram. Vi har ho på land til ho blir ti kilo. Det trur eg er veldig bra for både kvaliteten og fisken elles, seier han.
Likevel meiner Brekke dei har Sognefjorden å takke. Vatnet dei hentar opp frå djupet gjev stabile temperaturar året rundt og inneheld ingen farlege bakteriar eller parasittar.
– Det er her ho trivst, i litt sånn kaldt og mørkt fjordvatn, nede på djupet. Det er der ho høyrer heime. Så då tek vi opp vatn derifrå, det er ikkje meir hokuspokus enn det, seier han til NRK.