– Vi treng meir fleksibilitet

Nyheter
563

– Situasjonen vi no er oppe i med bråstogg i eksporten til ein av våre viktigaste marknader, syner seg som eit godt døme på at vi treng meir fleksibilitet i MTB ordninga, seier Øyvind Kråkås, informasjonsansvarleg i Salmon Group, i ei pressemelding.

Då forslaget om ein rullerande gjennomsnitts MTB var ute på høyring, vart den avskriven av regjeringa som eit vekstdrivande tiltak. Salmon Group meiner at situasjonen som den ein no er oppe i, syner at det var feil å sjå vekk for trongen for meir fleksibilitet i produksjonsregimet.

– Regjeringa har no høve til å innføre ei mellombels ordning for å avhjelpe den akutte situasjonen, spesielt med aure som ikkje er tilpassa dei alternative marknadane i slaktestorleik. Ei rask innføring av ei slik ordning vil gje produsentane rom for å planlegge og kome på offensiven att. Samstundes vil den vere ei viktig avklaring i høve til dei påstandane som dukka opp i høyringsprosessen, seier Kråkås.

Samstundes meiner nettverket av lokaleigde oppdrettarar at det er uklokt å diskutere ein 5 % vekst på MTB midt oppi i den unntakstilstanden som no rådar.

– Vi tykkjer det vil vere klokt å utsetje ein debatt om vidare vekst eit lite bel no, og heller hauste nyttig kunnskap av måten vi klarer å handtere denne typen omstillingar på, fastslår Øyvind Kråkås.