– Vi har ingen mistanke om at brannen er påsett

Nyheter
443

– Vi veit ikkje årsaka til brannen. Vi har vore på staden og funne ut kva område det har brunne i. Men vi kan ikkje seie kva som starta brannen, seier politibetjent Stein Helge Selland til NRK Sogn og Fjordane.

Det var søndag det blei oppdaga brann ved Marine Harvest sitt settefiskanlegg i Hermansverk i Leikanger kommune.

Les også: Brann i Marine Harvest-anlegg i Leikanger

– Vi har ingen mistanke om at brannen er påsett. Det var ingen til stades i lokalet, men det var folk der ein time før brannen. Dei såg ingenting mistenkeleg og lukta ingenting mistenkeleg.

Politiet har kartlagt kva område i lokale brannen starta og har sikra seg elektroniske gjenstandar dei vil undersøke vidare.

Ola Helge Hjetland i Marine Harvest seier dei har fått skader på eit alarmanlegg og eit tak, men at dei økonomiske konsekvensane blir små.

– Drifta går som normalt og fisken vart ikkje skadd.