Venstre helsar «Vestlands-opprøret» velkomen

Nyheter
0

Stortingsreprentant Alfred Bjørlo støttar nytt skatteinitiativ.

– Eg og Venstre helsar velkomen kampanjen Knut Flakk og Roger Hofseth drar i gang for å sikre norsk eigarskap i næringslivet, og at dei slår alarm om korleis rammevilkåra for lokalt eigarskap no blir rasert av Ap/Sp-regjeringa i kompaniskap med SV.

Det seier Alfred Bjørlo, Venstres medlem i Næringskomiteen og stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane.

Les også: Drar i gang aksjon mot særnorsk formueskatt: – Det er ødeleggende

– Vi har no fått den mest kyst- og Vestlands-fiendtlege regjeringa i manns minne. Summen av skatteskjerpingar som råkar norske, lokaleigde bedrifter generelt og store Vestlands-næringar som havbruk og fornybar energi spesielt, trugar heile samfunnsmodellen som kyst-Noreg er bygd opp rundt. Kjernen i utviklinga på Vestlandet er nettopp lokal kapital og lokalt eigarskap til ressursane som drivarar for samfunnsutvikling, seier Bjørlo.

Bjørlo peikar også på ei regjering som i stadig større grad omgir seg med ekspertar og lyttar til råd frå eit smalt miljø i hovudstaden.

– Prosessen rundt regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt på havbruk har vore ei skandale frå A til Å, som vitnar om manglande respekt for Noregs nest største eksportnæring. Og dette held fram: Nylig sette Finansminister Vedum ned eit statleg utval som skal sjå på framtidas lønnsdanning i Noreg (frontfagmodellen). Her sit det 15 ekspertar frå det sentrale Oslo-miljøet, ein person frå Trondheim og ingen frå resten av landet. Så får distrikts-Noreg i staden kasta ut «billig åte» som pengar til å splitte opp kommunar og opprette fleire små lensmannskontor.

– Dette er ei oppskrift på nedbygging av det verdiskapande og slagkraftige distrikts-Noreg, i staden for det motsette, seier Bjørlo.

– Eg og Venstre stiller gjerne opp på alle initiativ Flakk og Hofseth tar i tida framover for å løfte desse viktige problemstillingane, og få bukt med dei stadige skatteaukene på det lokalt eigde næringslivet. No er vi inne i ei lagnadstid for å ta vare på langsiktig norsk eigarskap og lokal verdiskaping på Vestlandet, seier Alfred Bjørlo, som denne veka er på Færøyane for å setje seg inn i politikk og rammevilkår for utvikling av havbruksnæringa der.