Vartdal Plastindustri satsar i nord, og kjøper majoriteten av aksjane i Løvold Industri i Bodø.
Løvold Industri har i fleire år vore ein viktig samarbeidspartnar for Vartdal Plast, og gjennom dette samarbeidet har Vartdal-produkta hatt ein marknad i den nordlege delen av Noreg. Dette er såleis ei naturleg utvikling for at Vartdal-produkta skal verte tilgjengelege for endå fleire kundar nord for Trondheim.
– Dette vil betre tilgangen på våre produkt også i den nordlege delen av Noreg, noko vi trur vil bli tatt godt imot av aktører innenfor byggevare, fiskeri og oppdrett, seier dagleg leiar i Vartdal Plastindustri, Jan Endre Vartdal.
– Eit stort potensial i regionen
Fiskeri og oppdrett er viktige næringsvegar i den nordlege delen av Noreg. At Vartdal Plast går inn på eigarsida i Løvold Industri, vil også føre til at fleire emballasjeprodukt og gode løysingar vil verte tilgjengeleg for ei større kundemasse.
– Dei nordlege fylka, Nordland, Troms og Finnmark, har mykje verdiskaping og vi ser eit stort potensial i å få eit endå betre fotfeste i denne regionen, seier Vartdal.
– Gjennom dette blir vi ein slagkraftig og leveringsdyktig byggevare- og emballasjeleverandør i dei nordlege fylka, med eit stort varespekter og stor fleksibilitet, legg Vartdal til.
– Vil bidra til å løfte Løvold
Løvold Industri ser fram til å få Vardal Plastindustri på eigarsida.
– Dette er eit selskap som har vist stor evne til omstilling og innovasjon og som vi har tru på vil bidra til å løfte Løvold Industri, og samtidig utnytte dei mange moglegheitene som fins i vårt naturlege nedslagsfelt, seier dagleg leiar i Løvold Industri, John- Henrik Løvold.