Vartdal Plast kjøper resten av K-Plast

Nyheter
1276

– Ved å kjøpe opp K-Plast på Hjelmeland skal bedrifta styrke posisjon sin i den norske emballasjemarknaden og leggje grunnlag for vidareutvikling av alle forretningsområda. Vartdal Plastindustri har sidan 2004 eigd 40 prosent av selskapet, og tek no over dei resterande aksjane frå høvesvis AJ Investering AS og Aros Eigedom AS, skriv selskapet i ei pressemelding ifølge Sunnmørsposten.

– Dette kjem som ei naturleg utvikling av eigarskapen vår, då vi ønskjer å styrke posisjonen vår i marknaden og dei tidlegare aksjonærane ønskjer å trekkje seg attende, seier Jan Endre Vartdal, dagleg leiar i Vartdal Plastindustri.

Han ønskjer å halde fram den positive drifta til K-Plast på Hjelmeland.

– Ved å arbeide tett saman med eksisterande og nye kundar håpar vi å kunne utvide bedrifta sitt potensial i regionen, seier han.

K-Plast med 11 tilsette produserer isoporkasser til Marine Harvest sitt anlegg på Hundsnes ifølge Strandbuen (krev pålogging).