Varmare vatn og oksygenmangel krev ny beredskap i oppdrettsnæringa

Meninger
0

Tidlegare i haust rapporterte Havforskingsinstituttet om kraftigaste marine hetebølge på minst 30 år. Dei viste til målingar av overflatetemperaturar på 20,4 grader på målestasjonen Bud utanfor Hustadvika. Dette er i tråd med annan forsking som viser at havet globalt har mista oksygen, og at denne utviklinga vil halde fram i takt med oppvarming. Miljødirektoratet er bekymra etter undersøkingar i fleire store fjordar syner at oksygennivåa er redusert med rundt 15 prosent på 30 år. Fjordane har mindre evne til å tole påverknad frå oppdrettsnæring, jordbruk, avløp og industri i eit varmare klima seier Miljødirektoratet. 

For oppdrettsnæringa som opererer i sjøen betyr dette at klimaendringar ikkje lenger er ei fjern framtid – dei påverkar oppdrett av både laks og torsk langs kysten av Noreg allereie og ein kan forvente at det både held fram og aukar på.

Når vatnet blir varmare, kan det halde mindre oksygen. Samtidig aukar både fisken og andre organismar i vatnet sitt stoffskifte og oksygenforbruk. Varmen og oksygenmangel slår direkte inn på fiskevelferd.  Mange oppdrettarar har truleg opplevd redusert appetitt og auka stress hos fisken i desse periodane. 

På sommaren er vassøyla i norske fjordar sterkt lagdelt. Varmt og lett vatn ligg øvst, kaldare og tyngre vatn djupare. Etter sommarens produksjon av planteplankton byrjar nedbrytinga som krev oksygen i heile vassøyla, ikkje berre på botnen. Dyreplankton, som har hatt sin sommarboom brukar også oksygen. Dermed er det eit stort press på oksygenet i vassøyla i ein periode då også mykje stor oppdrettsfisk krev oksygen. Når hausten kjem, byrjar lagdelinga å brytast ned av kjøligare luft og meir vind. Men det tek tid, og i periodar med rolege haustdagar med lite vind og vêr kan det vere svært låg tilførsel av ny oksygen frå lufta eller djupare vatn. Med mørkare og lenger netter kan ein difor oppleve store lokale oksygendropp, spesielt når vassutskiftinga i merdane er svak. Det kan gi oksygennivå under kritiske nivå for oppdrettsfisk i merdane. Fisken i oppdrettsmerdane har ingen stad å flukte, og risikerer i verste fall å dø. Handtering av fisken under slike forhold gir høg risiko. Difor er det ekstra utfordrande at lakselusa under dei same forholda har ein raskare livssyklus og eksplosiv vekst.  

Næringa må få til ei omstilling frå behandling og «brannsløkking» til førebygging. Ein grunnleggande føresetnad er at ein har gode verktøy for at fisken skal ha gode forhold i merden. Gjennom å påverke miljøforholda i favør av fisken bidrar ein til betre produksjonen med høgare smoltutbytte, slakteutbytte og betre inntening. Det er med andre ord ingen motsetnad mellom beredskap, gode miljøforhold og god økonomi. Det heng saman! Vi trur at ved å bygge robuste driftsmodellar og infrastruktur som toler marine varmebølgjer og oksygensvingingar vil oppdretter stille sterkare i møte med framtida. For nokon kan dette innebere å bygge opp ein naudsynt beredskap, men for dei fleste vil det det innebere å bygge opp permanente system som ein får god nytte av uansett i produksjonen.  

Fordelane ved å tilpasse seg no er store. Ein sikrar betre fiskevelferd, reduserer risikoen for akutt dødelegheit og stiller sterkare i møte med skjerpa krav frå både styresmakter og marknad. Og ikkje minst er det eit spørsmål om tilgang på avgjerande innsatsfaktorar for å kunne oppretthalde føresetnadane for lønsam og konkurransedyktig produksjon av sjømat langs kysten vår.