Utviklingskraft i lokaleigde selskap

Nyheter
1127

122 verksemder søkte grøne konsesjonar i gruppe C, den «grønaste» gruppa av dei tre tildelingsruppene, med dei strengaste reglane for lus og lusebehandling. 10 løyvde vart delte ut, og 2 av dei gjekk til aktørar i Salmon Group.

Verksemda Engesund Fiskeoppdrett AS er ei klassisk familiebedrift, og helde til like ved handelsstaden Engesund i Fitjar kommune. Her der det no tredje generasjon som styrer drifta, og dei siste åra har vore svært positive for selskapet, skriv Salmon Group på si Facebook-side.

Då soneforskrifta vart innført i Sunnhordland, såg det mørkt ut for Engesund, med berre ein konsesjon og lokalitetar i berre ein utsettsone. Men familien synte vilje. Dei søkte og fekk visningsløyve, og flytta samstundes delar av produksjonen til ny lokalitet i Masfjorden. Med dette løyste dei sonefloka, og gjorde eit løft for selskapet.

Med det nye grøne løyvet, står Engesund Fiskeoppdrett med tre konsesjonar, og produserer i dag både laks og aure. I tillegg er dei medeigar i setjefiskanlegget Vik Settefisk, med moderne resirkuleringsteknologi og sjøvasstilpassing på land.

Ein ung og arbeidsviljug arbeidsstokk, blanda med tillit og støtte frå eigarane, er suksesskriteria til verksemda. Eit sterkt produksjonsfokus har heile tida sikra god fiskehelse og trygg økonomisk drift.

Sulefisk AS feirar i år 30 år som lakseoppdrettarar. Brørne Svein og Borgvald Espeland stifta selskapet saman med sønene sine, og starta med sin første konsesjon i Nesefjorden i Solund i 1984. Etter oppkjøp av to lokale konkursbu og ein nytildelt konsesjon, har verksemda drive med 4 løyve i mange år no. Heile produksjonen føregår i nærleiken av landbasen på Eide.

I 1994 vart Jostein Kråkås dagleg leiar i selskapet, som han allereie var mediegar i. Han var og ein av grunnleggjarane av setjefiskprodusenten Solsmolt, som leverer smolten til Sulefisk frå sitt anlegg i nabobygda Gylta i Hagefjorden. Jostein Kråkås fekk nesten 20 år som leiar i selskapet, før han gjekk bort sommaren 2013. Det var tjue år i utvikling.

Under Jostein si leiing kjøpte Sulefisk seg inn i eksportselskapet Norwell i Florø, og i ein periode dreiv ein og eige brønnbåtreiarlag. Med utdanning som ingeniør og ei karriere hos Hydro bak seg, var Jostein Kråkås oppteken av teknologi og utstyrsutvikling. Saman med sivilingeniør Jan Erik Kyrkjebø, konstruerte og jobba han fram konseptet Ecomerden, som no er ein del av grunnlaget for det grøne løyvet.

Ecomerden er eit lukka anlegg basert på ei stålramme med ein fleksibel duk i sjøen. Den første utgåva av dette anlegget er no under bygging på Filipinane, den vil bli ferdig montert i Noreg. Duken vert laga i Frankrike, av den leiande aktøren i denne marknaden, Serge Ferrari. Patentert teknologi skil ut partiklar i botnen av merden.

Eit anna prosjekt Sulefisk har vore involvert i sidan starten, er Integrert akvakultur. Saman med Salmon Group og det hollandske selskapet Hortimare, har ein sidan 2009 jobba med utvikling av integrert tareproduksjon ved lokaliteten Fureholmen. Taren nyttegjere seg av gjødsling frå lakseproduksjonen, og vil kunne utgjere ei verdifull og mangfaldig råvare for vidare foredling. Også dette konseptet inngår i det grøne løyvet.

Sulefisk AS vert i dag leia av Michael Niesar, som kom til verksemda som praktikant frå universitetsstudie i Berlin. Han er høgkompetent på fisk og forsking, og brenn for å vere med og utvikle både verksemda og næringa.