Utvider lakseslakteri i Langevåg

Nyheter
1523

Oppdrettsselskapa Fylkesnes Fisk, Eidesvik Laks, Lingalaks og Tombre Fiskeanlegg har gått saman om å bygge ut anlegget til tidlegare Espevær Laks. Anlegget skal produsera cirka 200 tonn sløyd fisk kvar dag.

Det nye slakteriet vert moderne med stor grad av automatiserte prosessar. Anlegget i Langevåg på Bømlo vert bygd for å kunna ta i mot fisk frå ventemerd, brønnbåt, bløggebåt og slaktebåt.

H2 Hardanger er engasjert av eigarane for å ta rolla som prosjektleiar for byggherre. Anlegget er under prosjektering og det er forventa at det vert sendt ut for prising i løpet av mars månad.

– For oss er det ein stor tillitserklæring å få delta i prosjekteringsarbeidet og vidare i utbygginga av dette prosjektet, seier prosjektleiar Olav Mikal Fykse i H2 Hardanger i ei melding.

– I tillegg til å ha rolla som prosjektleiar i prosjektet, har me i prosjekteringsarbeidet, rolla som BIM koordinator, RIB, RIG, RIE og RIVa. Dette gjer at me får veldig god kjennskap til prosjektet og får ein unik og tett oppfølging på bygg og prosessanlegg, i tett samarbeid med kunde og andre prosjekterande fag.

– For oss i H2 Hardanger er bygginga av nytt lakseslakteri viktig for å stadfeste at oppdrettsbransjen er eit viktig satsingsområde for oss og samtidig eit bevis på at mindre verksemder som oss kan konkurrere mot dei store nasjonale aktørane når det kjem til prosjektleiing og prosjektadministrasjon, seier dagleg leiar Håkon Hjartnes.

Dronefoto av slakteriet i Langevåg.