Unikt næringssamarbeid på Senja

Nyheter
1728

I avtalen har SalMar forplikta seg til eit årleg økonomisk bidrag til Destinasjon Senja på 400.000 kroner, i ti år framover. Avtalen trer i kraft så snart visningssenteret er etablert og visningskonsesjonen er tatt i bruk, seier Jensen til iLaks.

Samarbeidsavtalen vil i fylgje Jensen bidra til å utvikle Noregs beste visningssenter for akvakultur, og han trur Senja kan bli ein av dei fem beste reisemåla i Nord-Noreg. SalMar er opptatt av å satse på naturbasert næringsutvikling i reiselivet, og å ta samfunnsansvar.

Frå ide til verkelegheit
I arbeidet med det nye visningssenteret på Lysnes nord på Senja vart Destinasjon Senja ein naturleg samarbeidspartnar for SalMar.

– Vi ønskjer å synleggjere havbruksnæringa og spreie informasjon om akvakultur til ulike målgrupper, og då er eigentleg heilt naturleg å samarbeid med reiselivsnæringa, seier samfunnskontakt Irene Lange Nordal i SalMar.

Det nye visningssenteret på Lysnes og settefiskanlegget som blir bygd på Tranøy, heilt sør på Senja, vil gjere det mogeleg for SalMar å vise fram ei moderne næring til skuleelevar, lokalbefolkning, turistar og andre som måtte ønskje å lære meir om næringa.

– Dette gjev ein ny dimensjon med tanke på å spreie kunnskap om ei topp moderne havbruksnæring, og vi går inn i ei heilt ny tid med tanke på å synleggjere kva potensiale denne næringa har framover, seier Lange Nordahl.

Eit samarbeid for framtida

Destinasjon Senja med sine rundt 25 medlemsbedrifter har som oppgåve å bidra til prosessen gjennom konseptutvikling av eit opplevings- og formidlingssenter med utgangspunkt i Newtonrommet i Kunnskapsparken på Finnsnes og det komande visningssenteret på Lysnes.

– Vi har mogelegheiter for å bidra til marknadsføring, utvikling og få til eit godt vertskap, seier styreleiar i Destinasjon Senja Stig Stokkland til iLaks.

Han har god tru på at det er mogeleg å utvikle eit godt reiselivskonsept gjennom eit samarbeid mellom reiselivsnæringa og havbruksnæringa.