– No må vi få fleire studieplassar, seier Edel Elvevoll ved Universitetet i Tromsø.
Men Fiskeriministeren kan ikkje love meir midlar.
Frå i år er bachelorstudiet i fiskeri- og havbruksvitskap ved Universitetet i Tromsø lukka. Det er ikkje plass til meir enn rundt 60 studentar, men ifylgje dekan Edel Elvevoll ved fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi gamblar dei og tek inn litt fleire. Erfaring viser at nokre uansett kjem til å trekke seg.
Ønskjer fleire studieplassar
Dei høge søkartala var forventa og Universitetet har jobba intens for å få tildelt meir pengar og fleire studieplassar. Men så langt har dei ikkje fått respons på innsatsen sin.
– Vi har jobba med dette i mange år, og no når ungdommane hiv seg rundt å søke, så må vi også gi dei mogelegheiter. Eg håpar at ministrane som har ansvar for utdanning og fiskeriministeren ser at søkartala til blå sektor aukar, og at vi får på plass fleire studieplassar så fort som mogeleg, seier Elvevoll til iLaks.
Ei utdanning som gjev jobb
Ifylgje Elvevoll er det lett å få jobb etter ei utdanning retta mot sjømatnæringa. Dei siste åra har over halvparten av dei som er ferdigutdanna gått direkte ut i jobb i næringa, og dei aller fleste av dei andre har fått relevante fagjobbar.
Fiskeriminister Per Sandberg er einig med Elvevoll i at det er viktig å legge til rette for at fleire kan skaffe seg ei utdanning innan blå sektor. Men han kan ikkje love at han vil jobbe for at Universiteta skal får meir midlar.
– Vi vil trenge kompetent arbeidskraft innan desse fagområda i åra som kjem, men eg vil likevel understreke at universitetet har rammebevilgning på budsjetta sine og dei kan omdisponere midlane. Det inneber at universitetet bestemme sjølv kor mykje pengar dei skal bruke på dei ulike studia, seier fiskeriminister Per Sandberg til iLaks.
Treng blå kompetanse
Sandberg framhevar at Sjømatnæringa vil vere ein viktig motor i norsk næringsliv i åra som kjem. Vi har forskarar som trur det kan vere mogeleg å femdoble verdiane frå havet innan 2050.
– Men dersom vi skal nå det målet må vi satse på forsking, utvikling og ikkje minst på utdanning. At søknaden til blå fag har sprengt skalaen i år veldig gode nyheiter. Vi treng fleire kloke hovude og flinke folk dersom næringa skal bli enno viktigare i framtida, seier Sandberg til slutt.
Må omdisponere midlane
Det er ferietid så vi har ikkje fått kommentar frå Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, men frå administrasjonen i departementet vert det framheva at Universiteta kan omdisponere midlane etter behov, slik Sandberg også kommenterte.