Trygt å ete rømt fisk

Nyheter
496

Dei omtalte lokalitetane er Høysteinen ved Varaldsøy, som er eigd av Marine Harvest Norway, og lokaliteten Angelskår i Osterfjorden, som er eigd av Sjøtroll Havbruk, skriv Matportalen.no.

Fisk som har vore medisinert vert normalt sett i karantene før den vert slakta og selt. Dersom du fiskar rømt oppdrettsfisk som har vore medisinert, går det fint å ete denne fisken. Det er fordi medisinrestane raskt blir skilde ut frå fiskekjøttet og fordi menneske tåler dei små mengdene av legemidlar som er gitt til fisk .

Oppdrettsselskapa har etablert ei ordning med betaling for rømt fisk. Opplysingar om desse ordningane kan ein få ved å vende seg til Marine Harvest Norway eller Sjøtroll Havbruk.