Trur ikkje Konkurransetilsynet kan sikre spreidd eigarskap

Nyheter
502

Nettverket meiner at det tverrpolitiske målet om å oppretthalde ei mangfaldig havbruksnæring med store og mindre aktørar ikkje kan sikrast av Konkurransetilsynet og regelverket dei handhevar. Det er politisk vilje og ikkje jus som må til, skriv Salmon Group på sine nettsider.

I høyringsuttalen til bortfallet av eigarskapsregulering skriv Salmon Group:

“Å halde oppe ei breidde av aktørar i ei stor næringa som havbruksnæringa, er eit sentralt element av verdiskapinga i samfunnet. Det tryggjer konkurranse, innovasjon og utvikling. Lokalt eigarskap sikrar aktivitet, busetnad og skatteinngangen til kommunar, fylke og stat.

Med eit bortfall av eigarskapsavgrensinga, er konkurranselova den einaste lova som kan sikre konkurranse i havbruksnæringa. Det er påkravd at regjeringa bringer klart fram kva denne lova konkret vil sikre av konkurranse i næringa, før ein tek vekk eigarskapsavgrensinga. Eigarskap og konkurranse bør vere ein del av bakteppet for havbruksmeldinga.”

Erfaringar frå andre bransjar syner at konurranselovene kan bidra til at der er eit fåtal store aktørar, men ikkje effektiv konkurranse eller mangfald.