Sande Settefisk i Gloppen jobbar med rekruttering av biologar og ingeniørar i samband med eit meir teknologisk og større anlegg.
Når produksjonen er oppe og går med RAS-anlegg der det kan bli ei femdobling av kapasiteten, treng Sande Settefisk fleire folk med kompetanse innan biologi og teknologi.
– Vi har behov for biologar og ingeniørar, og jobbar med rekruttering. Utfordringa er at mange satsar i same retning og treng den same kompetansen. Dei store aktørane syg til seg mange frå utdanningsinstitusjonar. Vi har satsa ein del på lokal opplæring, og nyleg tilsette vi to med fagbrev i industrimekanikk. Dei er flinke og allsidige, seier dagleg leiar i Sande Settefisk Tom Wilke.
Han rosar initiativet ved Måløy vidaregåande skule som iLaks nyleg skreiv om. Skulen er i ferd med å byggje ein hall for opplæring i landbasert oppdrett til 20 millionar kroner.
Les også: Studier med jobbgaranti – og utsikter til rause lønnsoppgjør
– Vi samarbeider godt med skulen i Måløy. Det er heilt klart eit behov for denne type opplæring slik bransjen utviklar seg.

Finansiert lokalt
Investeringa på 250 millionar kroner i nytt smoltanlegg til Sande Settefisk som Nordfjord Laks og Hyen Fisk til saman eig to tredelar av, blir finansiert lokalt.
Dei største aksjonærane i Nordfjord Laks er Aa-Djupvik Invest, Rasmustunet og Eljasane. Sentrale personar i selskapa er Anders Aa, Kurt Djupvik og Rasmus Ommedal. Dei største aksjonærane i Sande Settefisk er Nordfjord Laks, Svanøy Havbruk og Hyen Fisk.
Les også: Nytt smoltanlegg vil auke effektiviteten for Nordfjord Laks
– Dei største eigarane er alle busett i lokalmiljøet. Klart at ei investering på 250 millionar kroner er tung. Det må vere ei av dei største industrisatsingane i Gloppen nokon gong målt i kroner. Men vi har rekna på at det skal vere god økonomi i det, og det er naudsynt for å vere med i utviklinga, seier dagleg leiar Svein Klævold i Nordfjord Laks.

God lønsemd
Klævold seier investeringa er finansiert med lokal eigenkapital og gjennom bank.
Tanken med satsinga er å produsere smolt på land til fisken er opp til 500 gram. Når fisken blir sett i sjøen på den storleiken kuttar ein ned tida i sjø frå 14-18 månader til under eitt år. Dermed kan ein auke produksjonen innanfor eksisterande konsesjonar. Effekten får ein både ved at ein kan setje meir fisk i sjøen og ved at fisken kan bli større ved slakting. Eksponeringa mot lus og sjukdom blir i tillegg kortare.
Nordfjord Laks hadde 146 millionar kroner i driftsinntekter og 50 millionar i resultat før skatt i siste opplyste rekneskapsår som var 2019. Det betyr svært god lønsemd målt etter kor mykje verksemda sit att med av omsetnaden. Tilsvarande tal for Sande Settefisk var 23 millionar kroner i omsetnad og 938.000 kroner i resultat før skatt.
