Trekkjer tilbake Salma etter listeria-funn

Nyheter
1204

Bremnes Seashore har fått påvist spor av bakterien listeria monocytogenes på ein SALMA halvloin med slaktedato 3. oktober.

«For å vera heilt sikre tilbakekallar me alle SALMA-produkt knytta til denne slakte/pakkedagen. Dette gjeld alle SALMA-produkt merka med partinummer 122324 og 221253. I tillegg gjeld det SALMA Smoked merka med partinummer 221252.

Dei tilbaketrekte produkta har vore i sal i butikk frå måndag 7. oktober, med unntak av OBS Haugesund kor varene var i sal frå fredag 4. oktober», skriv Bremnes i ei pressemelding.

«Me beklagar det som har skjedd. Dei som har kjøpt desse produkta vert beden om å kasta dei dersom dei er merka med dei aktuelle partinummera. Det er også mogleg å returnera produkta til butikken der dei vart kjøpt for å få pengane tilbake.

Det må særs mange bakteriar til for å gjera friske folk sjuke, så det er gjerne personar som har nedsett immunforsvar, mellom anna gravide, eldre og nyfødde, som kan få alvorleg sjukdom frå listeria», legg Bremnes til.

Bremnes Seashore har eit omfattande prøvetakingsregime og vaskar ned produksjonslokala kvar einaste dag for å sikra god hygiene og trygg mat.

«Som følge av påvisninga har me gjort ekstra tiltak med demontering og desinfisering. Produksjonen frå påfølgjande produksjonsdag er testa og trygge å eta. Det er ikkje funne listeria på andre produkt frå Bremnes Seashore», skriv Bremnes avslutningsvis.