Tommelen ned for sjødeponi

Nyheter
446

Måndag fekk Nordic Mining, Fiskarlaget og Naustdal kommune legge fram sitt syn på saka på eit møte i Florø. Ivar Fossum, direktør i gruveselskapet Nordic Mining, bad om at ein retta blikket framover og ser på mineralar som naudsynte reiskapar for å skape klimavennlege samfunn, skriv Firdaposten.

– Ting er i ferd med å endre seg i Norge og vi må fokusere på kva vi kan skape av ny industri. Dette er særleg viktig for distrikta, sa han.

Norge har seks operative sjødeponi som brukar 25 kvadratkilometer med areal medan dei rundt 1300 oppdrettsanlegga legg beslag på 500 kvadratkilometer med areal, sa Fossum, og meinte at det er vanskeleg å sjå at mineralnæringa og sjødeponi har hatt nokre konsekvensar for havbruket.

Elin Tveit Sveen frå Marø Havbruk takka Fossum for at han hadde fokus på å skape robuste næringar i distrikta:

– Vi har 30 arbeidsplassar, omsette for 400 millionar i fjor og ganske mange arbeidsplassar knytte opp mot næringa både i vår kommune og i nabokommunane. Det som har mangla i alle konsekvensutgreiingar er å sjå på konsekvensane for sjømatnæringa i Førdefjorden, sa ho.

Ho fekk støtte frå oppdrettskollega Alex Vassbotten.

– Sjansen er til stades for at vi vil måtte legge ned våre lokalitetar i Askvoll og i Veiesundet. Det er ikkje synd på meg – eg sel, og får meir pengar enn eg vil greie å bruke opp. Men samfunnet misser eit selskap som betalar 30 millionar kroner årleg i skatt, og som ønskjer å få ting til her på våre kantar. Eg håpar de har det i bakhovudet når de no skal diskutere dette.

Det har partiet antakeleg gjort, for i vedtaket sitt valde dei å gå i mot eit fjorddeponi.

– Fleirtalet var mot fjorddeponi, så Flora Ap vil stemme mot fjorddeponi på fylkesårsmøtet, stadfesta Oscar Bergheim.